Hopp til innhold

Rekordhøg smitte – 80 prosent av Danmark stengjer ned

Rekordhøge smittetal gjer at koronarestriksjonane blir stramma til i 31 nye danske kommunar, melder Danmarks Radio. I alt er 69 kommunar no stengt ned.

69 danske kommuner har fått strenge koronarestriksjoner

69 kommunar i dei mest folkerike områda i Danmark stengjer ned fredag.

Foto: Sundhetsministeriet

Det siste døgnet er 3132 personar konstaterte smitta i Danmark. Det er det høgaste talet sidan epidemien starta.

I desse kommunane har regjeringa bede folk om å halde seg heime så langt dei kan, skriv Danmarks Radio.

Det er berre ei veke sidan den danske regjeringa stengde ned 38 kommunar i hovudstadsregionen. No følgjer store delar av landet etter.

Restriksjonane rammer no 80 prosent av innbyggjarane i landet.

Magnus Heunicke

Danmarks helseminister Magnus Heunicke ber danskane halde seg heime om dei kan.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters/NTB

Det er dei rekordhøge smittetala i Danmark som er den direkte årsaka til den utvida nedstenginga, som vart presentert av helseminister Magnus Heunicke torsdag.

Stenger skolar og spisestader

Den nye nedstenginga omfattar heile Region Sjælland, heile Region Midtjylland og dessutan Aalborg, Fredericia, Vejle og Middelfart kommunar.

Restriksjonane inneber at dei eldste skulebarna blir sende heim til nettbasert undervisning. I tillegg må kafear, restaurantar, teater, museum og bibliotek halde stengt.

I dei ramma kommunane oppmodar regjeringa både private og offentlege arbeidsplassar til å leggje til rette for at så mange tilsette som mogleg kan arbeide heimanfrå.

Dei nye restriksjonane vert gjeldane frå kl. 16 fredag ettermiddag.

Nedstenginga i dei 69 kommunane skal i denne omgangen gjelde gjennom jula, heilt til 3. januar. Det opplyser arbeidsminister Peter Hummelgaard til Danmarks Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt