Hopp til innhold

Clinton og Trump favorittar i Iowa

Donald Trump og Hillary Clinton er dei mest sannsynlege vinnarane av nominasjonsvala i Iowa i natt. Men mange veljarar har ikkje bestemt seg, så det kan kome overraskingar.

For første gang får man en pekepinn på hvordan amerikanske velgere ser på de ulike partienes kandidater. Iowa er første sted hvor det holdes nominasjonsmøter

DIREKTE: Følg nominasjonsmøta i Iowa frå kl. 02.

Det er tradisjon at delstaten Iowa er først ute med nominasjonsval før presidentvalet, som går føre seg 8. november. Veljarane i Iowa er kjende for å bestemme seg i siste liten, noko som blir forklart med måten avrøystinga skjer på. Det gjer at meiningsmålingane ikkje alltid er like pålitelege.

USA-ELECTION/TRUMP U.S. Republican Presidential candidate Donald Trump laughs during a campaign event in Sioux City Iowa

Donald Trump er favoritt til å vinne for Det republikanske partiet i Iowa, men mange veljarar har enno ikkje bestemt seg.

Foto: DAVE KAUP / Reuters

Dei fleste delstatane har nominasjonsval der veljarane røyster i eit vallokale der det ikkje er lov å drive valkamp. I Iowa møter partimedlemene kvarandre på førehand, der dei diskuterer seg imellom. Kandidatane har ofte representantar til stades på desse møta.

Utradisjonell kandidat

Valoppslutninga er alltid viktig. Det er berre registrerte partimedlemer som kan delta i valet, og det er eit stort spørsmål korleis ein utradisjonell kandidat som Donald Trump vil gjere det hos dei tradisjonelt konservative republikanarane i Iowa.

Dei andre kandidatane har tradisjonen tru reist rundt og helst på veljarane, medan Trump stort sett har blitt flogen inn til store massemøte og brukte lite tid på å møte veljarane.

Klipp fra Kveldsnytt.

VIDEO: Mange ubestemte velgere

NRKs utenriksmedarbeider Wenke Eriksen forklarer veien frem til valget av presidentkandidatene. Det er ganske komplisert.

VIDEO: Wenke Eriksen om nominasjonsprosessen.

Eit snitt av dei siste målingane viser at Trump har ei leiing på 4,7 prosentpoeng på det som ser ut til å bli den tøffaste motstandaren i Iowa, den svært konservative senatoren Ted Cruz. Det er mange evangelisk kristne i denne delstaten, og det blir spennande å sjå korleis dei tek mot eigedomsmagnaten Donald Trump.

I Det demokratiske partiet viser meiningsmålingane at det kan bli jamnare enn nokon hadde trudde berre for kort tid sidan. Snittet at målingane viser at Hillary Clinton har støtte frå 47,9 prosent, medan Bernie Sanders har støtte frå 43,9 prosent.

Ei måling viser at så mange som 30 prosent av demokratane enno ikkje har bestemt seg, medan det tilsvarande talet for republikanarane er 45 prosent. Så her kan mykje skje.

Snøstorm truer Iowa-valget

Adele nekter Trump å bruke musikken hennes

Skandinavisk modell

Observatørar i USA er overraska over at Bernie Sanders gjer det så godt på målingane. I USA blir han sett på som sosialist, men sjølv seier han at han går inn for eit sosialdemokrati etter skandinavisk modell.

Donald Trump og Hillary Clinton er favorittar, men Bernie Sanders kan overraske. Han kan tene på høg valdeltaking, skriv Washington Post.

Det er venta at resultata frå nominasjonsvala i Iowa vil vere klare rundt klokka 05 norsk tid.

– Hvis dere ikke slutter å angripe meg, blir jeg nødt til å forlate scenen

SISTE NYTT

Siste nytt