Dick Cheney vart i natt formelt nominert som republikarane sin visepresidentkandidat. I talen sin gjekk han hardt ut mot John Kerry, presidentkandidaten til Det demokratiske partiet.
Det var stor stemning på landsmøtet under Cheney sin tale. (Foto: AP/Scanpix)
- John Kerry er vinglete i spørsmål som er avgjerande for USAs nasjonale tryggleik, tordna Cheney, og hausta stormande jubel blant landsmøtedelegatane i Madison Square Garden.
Visepresidenten skulda Kerry for å ha endra meining i tryggingsspørsmål og i milittære spørsmål i løpet av sine 20 år i Senatet.
- Kerrys vingling set USA i fare på eit tidspunkt der vi står ansikt til ansikt med truslar frå terroristar som er væpna med kjemiske, biologiske eller til og med kjernefysiske våpen, sa Cheney blant anna.
Han la til at det å verne USA mot terroristar er den største utfordringa i vår tid, og argumenterte for at presidentvalet i november er eit av dei viktigaste i landet si historie.
Dick Cheney blir rekna for å ha stor innverknad på Bush-administrasjonen sin politikk. Han var forsvarsminister då George Bush senior var amerikansk president.
Dick Cheney fekk besøk av familien på scena. Til venstre dottera Elisdabeth og til høgre kona Lynne saman med to barnebarn. (Foto: AP/Scanpix)