Hopp til innhold

- Dei er fråtekne alt

– Folk er meir utmatta, sårbare og traumatiserte enn nokongong, seier generalsekretær i Raudekrossen Noreg, Børge Brende som måndag var tilbake i Pakistan.

Børge Brende i Pakistan

Børge Brende i Raudekrossen Noreg seier situasjonen i Pakistan framleis er prekær. Biletet er frå Brende sitt besøk i Pakistan i august i år.

Foto: SALTBONES, Olav A. / SCANPIX

Etter ankomst i Pakistan måndag var Brende først på hovudkvarteret til Pakistan Raude Halvmåne (tilsvarande Raudekrossen i muslimske land) i Karachi for å få ein ny statusrapport.

– Den pakistanske befolkninga er utmatta, dehydrerte, underernærte og traumatiserte. Situasjonen er svært alvorleg, seier Brende til NRK.

Har mista levebrødet

To månadar etter starten på flaumen som vert omtalt som ein av dei verste naturkatastrofane i manns minne, står framleis meir enn to millionar menneske heilt utan hjelp.

– Det som slår meg er at fattige, sjølvforsynte bønder på landsbygda som ikkje tidlegare har vore ein del av pengeøkonomien, over natta har vorte avhengige av å kjøpe mat, fortel Brende.

Fram til fredag skal Brende vere med eit av Raudekrossen sine helseteam som yter bistand i den sørlege Sindh-provinsen, eitt av områda som er hardast råka av flaumen. Ifølgje ferske tal frå FN er 7 millionar menneske berørte, og 1,1 millionar heimar øydelagde i denne provinsen åleine.

Hardt som asfalt

Brende besøkte Pakistan i slutten av august, var flaumen forverra som følgje av kraftig monsunregn, som fekk elvar til å gå over sine breidder. Generalsekretæren fortalde den gong om hus som var knuste til pinneved og bruer som var tekne av flaumvatnet.

Størsteparten av flaumvatnet har no trekt seg tilbake, men ifølgje Brende er ikkje situasjonen betre av den grunn.

– Den størkna gjørma som ligg tilbake forureinar drikkevatnet, tettar til vatningskanalar og har gjort bøndene si matjord hard som asfalt.

– Katastrofen går verst ut over dei fattigaste, som no blir svært sårbare overfor matvareprisar. Dei er fråtekne både avlingar, husdyr og det matlageret dei eventuelt hadde, legg Brende til.

Framleis naudsituasjon

I ein revidert statusrapport anslår FN at nødsituasjonen i Pakistan vil vare i minst seks månadar til.

Førre veke justerte FN difor opp behovet for hjelp til flaumofra i Pakistan frå 2,8 til 12 millardar kroner i løpet av det første året etter katastrofen.

Søndag opplyste Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) at Noreg vil tredobla si støtte til Pakistan, frå 115 til 400 millionar kroner.

– Tikkande bombe

Espen Sitter er i Pakistan for Leger Uten Grenser

Espen Sitter er i Pakistan for Leger Uten Grenser.

Foto: Pressefoto: Leger Uten Grenser

På helseklinikkane til hjelpeorganisasjonane slår personellet alarm om stadig fleire born med hudinfeksjonar, diarè, luftvegsinfeksjonar og underernæring. I tillegg er det rapportert om nærmare 200 000 tilfelle av malaria.

– Det er eit undet at det ikkje har brote ut ein større epidemi ennå. Med dårlege sanitære forhold, mangel på reint vatn og eit varmt og fuktig klima er alle faktorane for ein epidemi tilstade. Dette er ei tikkande bombe, seier Espen Sitter frå Leger Uten Grenser.

Søv oppå kvarandre

Sitter befinner seg i hovudstaden Islamabad, som ligg heilt nord i landet. Han har

Kvinne vaskar klede i flaumvatnet

Børge Brende i Raudekrossen seier behovet for reint vatn og betra sanitærforhold er kritisk. Her ei kvinne som vaskar klede i flaumvatnet i den hardt råka Sindh-provinsen.

Foto: AKHTAR SOOMRO / Reuters

ansvaret for å skaffa og koordinera kvalifisert personell til organisasjonen sine hjelpeoppdrag, og kan fortelja om sterke inntrykk frå sitt opphald.

– Eg var nyleg i ein bygning på storleik med ei lita stove. Der bur det 70 menneske. Kvinner og born ligg oppå kvarandre inne i bygget, medan mennene søv ute under open himmel. Folk er verkeleg desperate, fortel Sitter.

– Ofra er sterkt traumatiserte

Også leiar for naudhjelpsarbeidet i Redd Borna, Svein Beksrud er uroa over faren for sjukdomsspreiing.

– I tillegg er ofra sterkt traumatiserte, og livsgrunnlaget deira er totalt vaska vekk. Heimar, skular og avlingar er borte. Katastrofen i Pakistan er på ingen måte over, legg Beksrud til.


SISTE NYTT

Siste nytt