Hopp til innhold

Bondevik: – Aung San Suu Kyi bør protestere

– Eg meiner Aung San Suu Kyi bør stå opp mykje klarare og protestere mot behandlinga av rohingyaene. Det vi ser, er grove overgrep mot ein etnisk og religiøs minoritet i Myanmar, seier leiar for Oslosenteret, Kjell Magne Bondevik.

Kjell Magne Bondevik

Leiar for Oslosenteret, Kjell Magne Bondevik meiner Aung San Suu Kyi bør gjere meir for å stanse valden mot rohingyaene.

Foto: Peder Bergholt / NRK

Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi er regjeringssjef og øvste sivile leiar i Myanmar. Dei siste dagane har det internasjonale presset mot henne auka kraftig. Menneskerettsorganisasjonar som Amnesty og Human Rights Watch har bedt henne om å komme på banen for å stanse overgrepa mot rohingyaene.

Tusenvis har flykta til Bangladesh. Flyktningane rapporterer om bombeangrep og at menneske blir brende levande.

– Aung San Suu Kyi har eit problem, og det er at Myanmar jo ikkje er eit fullt utvikla demokrati. Så sjølv ho er politisk leiar, så har ho ikkje full kontroll over dei militære, som i hovudsak står bak desse overgrepa, seier Kjell Magne Bondevik.

Rohinga-kvinne med barn i grensebyen Teknaf i Bangladesh

Rohingya-kvinner på flukt med borna sine i grensebyen Teknaf i Bangladesh.

Foto: MOHAMMAD PONIR HOSSAIN / Reuters

– Må bruke stemma si

– Men kvifor har ho ikkje i større grad brukt stemma si?

– Eg meiner ho burde brukt stemma si klarare, ikkje minst fordi ho har vore ein stor pådrivar for demokrati og menneskerettar, seier Bondevik. Ho er no inne i ein balansegang i forholdet til dei militære, for at dei ikkje skal reversere demokratiseringa av Myanmar. Dette kan vere noko av forklaringa, men det er jo inga orsaking.

Aung San Suu Kyi har uttalt at det blir formidla store mengder feilinformasjon om det som skjer, og at dette gir eit feilaktig bilete av stasjonen. Ho meiner at «usanne» og «falske» nyheiter blir spreidde for å forverre konflikten.

– Skuffa over Aung San Suu Kyi

– Er du samd med henne i at det som blir rapportert om rohingyaene sin situasjon er overdrive?

– Vi kan jo med eigne auge sjå via media og andre kjelder at dette er heilt uakseptabelt og grovt, så eg synest ikkje vi skal redusere alvoret i dette, seier Bondevik.

– Er du skuffa over henne?

– Eg er skuffa over at ho ikkje seier klarare ifrå.

Aung San Suu Kyi

Regjeringssjef Aung San Suu Kyi meiner falske nyheiter forverrar konflikten som har ført til ein stor straum av flyktningar i Myanmar.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters

– Må leggje fram lovforslag

– Kva håpar du ho gjer?

– Eg håpar at ho raskt får lagt fram, og vedtatt i parlamentet, ei lov om statsborgarskap, som gir rohingyaene fulle rettar på linje med andre borgarar i landet. Men det aller viktigaste, og det som må skje aller først, er jo å få ein slutt på valden og overgrepa, og då må ho appellere til dei militære. Dessverre har ho ikkje den politiske fullmakta til å gi ordre til dei militære, men ho har makt til å leggje fram eit lovforslag.

Bondevik tok opp rohingya-spørsmålet under eit møte med Aung San Suu Kyi i Myanmar i oktober i fjor.

– Eg bad henne innstendig om å gjere meir for denne minoriteten. Etter det er det jo berre blitt verre, seier Bondevik.

SISTE NYTT

Siste nytt