Hopp til innhold

Bistandsorganisasjonane er urolege

Norske bistandsorganisasjonar  i Afghanistan er urolege for tryggleikssituasjonen etter åtaket måndag.

Bilete frå eitt av naudhjelpsprosjekta Kirkens Nødhjelp driv i Afghanistan
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Førebels vil ikkje åtaket  få fylgjer for jobben organisasjonane gjer, men dagleg leiar i Afghanistankomiteen, Liv Kjølseth, seier at det vert vanskelegare og vanskelegare å driva humanitært arbeid i Afghanistan.

– Ja, me er veldig urolege for tryggleikssituasjonen i Afghanistan og det har me vore lenge no. Me ser jo at det vert vanskelegare og vanskelegare å driva eit arbeid.

Atle Sommerfeldt, generalsektær i Kirkens Nødhjelp.
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Fleire norske bistandsorganisasjonar hadde personell svært nært åtaka på Serena hotell i Kabul i måndag. Mellom desse var Kirkens nødhjelp. Generalsekretær Atle Sommerfeldt seier at dei fylgjer tryggleikssituasjonen tett.

– Me overvakar situasjonen heile tida, seier han. Organisasjonen har rutianr å fylgja når slikt skjer, oh Sommerfeldt seier at dei ikkje har grunn til å tru at åtaka er retta mot verksemda deira.

Arbeider vidare som før

Til no har sjølvmordsåtaket måndag ikkje fått fylgjer for den innsatsen Afghanistankomiteen, Kirkens Nødhjelp eller Flykninghjelpa, gjer i Afghanistan.

Generalsekretær i Flyktningehjelpa, Elisabeth Rasmusson.
Foto: Kristin Svorte / SCANPIX

Genralsekretær i Flykninghjelpa, Elisabeth Rasmusson, seier dei ikkje er overraska over at det no er mindre trygt i landet. Dette ahr dei sett utvikla seg over tid.

– Når det gjeld arbeidet vårt, så vurderer me tryggleiken kvar time. Så langt har me ikkje teke noko avgjerd om å endra aktivitetane våre, men me kjem til å sjå på det utover dagen.

SISTE NYTT

Siste nytt