NRK Meny
Normal

Biden: Passasjerflyet vart skote ned

USAs visepresident slår i kveld fast at det malaysiske passasjerflyet som styrta i Ukraina i ettermiddag, vart skote ned. Vladimir Putin seier at ukrainske styresmakter har ansvaret.

Joe Biden

USAS visepresident Joe Biden slår fast at det malaysiske passasjerflyet vart skote ned.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

– Dette var ikkje ei ulukke. Flyet vart skote ned, sa han på ein pressekonferanse i kveld. Det vart tidlegare i kveld meldt at det var 23 amerikanske statsborgarar om bord i flyet, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Putin

Russlands president Vladimir Putin meiner ukrainske styresmakter har ansvaret for nedskytinga av passasjerflyet.

Foto: POOL / Reuters

Biden sa at nedskytinga av passasjerflyet har skapt ein alvorleg situasjon, og at det er mange spørsmål utan svar i saka. USA har tidlegare kravd at uavhengige etterforskarar skal få full tilgjenge til staden der flyet styrta i bakken.

Den førebelse konklusjonen til den amerikanske etterretninga er flyet vart skote ned med ein bakke-til-luft-rakett, men at det er uklart kven som stod for skytinga.

Fredag samlast FNs tryggleiksråd til krisemøte for å diskutere flystyrten i Ukraina. FNs generalsekretær Ban Ki-moon krev ein full og open internasjonal gransking av det som synest å vere nedskyting av eit sivilt passasjerfly.

– Ukraina har ansvaret

Russlands president Vladimir Putin seier at det er Ukraina som har ansvaret for at det malaysiske passasjerflyet har styrta, fordi det skjedde i Ukraina.

Han seier at flykatastrofen aldri ville ha skjedd dersom Kiev ikkje hadde starta opp ein militær offensiv mot opprørarane i den austlege delen av Ukraina.

Statsministeren i Malaysia, Najib, seier at dersom flyet verkeleg vart skote ned, så må dei ansvarlege straks stillast til ansvar.

Flyet styrta i eit område der det den siste tida har vore harde kampar mellom separatistar og regjeringsstyrkar, og separatistar skal ha strøymt til krasjstaden. Leiar i Ukrainas redningsteneste, Serijij Botsjkovski, seier at forholda på staden er «utfordrande».

Mange nasjonalitetar

Sjefen for Malaysia Airlines sitt kontor i Europa opplyser at det var 154 nederlandske statsborgarar om bord i flyet, saman med 27 australske borgarar, 23 frå Malaysia, 11 frå Indonesia, fire frå Storbritannia, fire frå Tyskland, tre frå Filippinane og ein frå Canada.

Det var også fleire andre nasjonalitetar om bord, men flyselskapet har enno ikkje full oversikt. Det er snakk om 47 passasjerar.

Det var til saman 283 passasjerar og eit mannskap på 15 om bord i flyet, blir det opplyst.

UD har seint i kveld enno ikkje fått opplysningar om at det var nordmenn om bord i det malaysiske passasjerflyet.

Krev internasjonal gransking

Nederlands utanriksminister Frans Timmermans krev at etterforskarar blir sikra tilgang til krasjområdet straks, og at det er naudsynt med ein uavhengig internasjonal gransking av katastrofen.

Han får støtte i dette frå USAs president Barack Obama og hans ukrainske kollega Petro Porosjenko, som også har snakka saman i kveld. Dei er klare på at ikkje noko må fjernast frå styrtstaden før etterforskarar.

Også utanriksminister Børge Brende støttar kravet om ei uavhengig internasjonal gransking av det som har skjedd.

Dei prorussiske opprørarane som kontrollerer området der flyet styrta, har gjort det klart at dei kan godta ein tre dagar lang våpenkvile for å sikre arbeidet på havaristaden. Dei sa tidlegare i kveld at dei hadde funne ferdskrivaren til flyet.

Det er likevel frykt for at opprørarane kan ha fjerna viktige bevis frå flyvraket.

LES OGSÅ: – Fly med 295 om bord skote ned i Ukraina

LES OGSÅ: – Ingen har interesse av å skyte ned eit passasjerfly

LES OGSÅ: Norwegian: Vi flyr ikke over Ukraina før situasjonen er avklart

LES OGSÅ: «Hvis vi forsvinner, ser flyet slik ut»

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt