NRK Meny
Normal

– Ingen har interesse av å skyte ned eit passasjerfly

– Eg kan ikkje sjå at nokon av partane i borgarkrigen i Ukraina skulle ha interesse av å skyte ned eit passasjerfly, seier Ukraina-ekspert Tor Bukkvoll.

Han trur ikkje at nokon har skote ned flyet med vitande og vilje, men at det er ei mogleg forklaring at det vart skote ned ved ein feil.

– Borgarkrigen handlar også om å skaffe seg internasjonal sympati, men å skyte ned eit passasjerfly er dårleg reklame. Eg har vanskeleg for å tru at nokon kan ha gjort noko slikt bevisst, seier han til NRK.no.

Tor Bukkvoll

Ukraina-eksperten Tor Bukkvoll trur ikkje nokon av partane i borgarkrigen i Ukraina har skote ned passasjerflyet med vilje.

Foto: Forsvarets forskningsinstitutt

Tor Bukkvoll er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt FFI med Ukraina som eitt av sine spesialfelt.

– Meir internasjonal konflikt

Han meiner at dersom det verkeleg er slik at det malaysiske passasjerflyet med 298 menneske om bord er skote ned, så vil det lyfte ein konflikt som hittil har vore lokal til å bli meir internasjonal.

– Ei løysing på konflikten vil bli eit viktigare internasjonalt krav. Om det er slik at opprørarane har skote ned flyet, så har Russland eit ansvar. Dette fordi Russland er einaste kjelde til denne type våpen, seier Bukkvoll.

Han seier opprørarane kan ha stole luftvernvåpen frå dei ukrainske regjeringsstyrkane, men at det ukrainske forsvaret seier at dei har kontroll over alle sine luftvernvåpen.

Ukraina-eksperten meiner at dersom det viser seg at opprørarane har skote ned flyet, så kan det bli fortgang i å innføre nye sanksjonar mot Russland.

– Skrytte av nedskyting

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert om dette før det er slått fast kva som verkeleg skjedde, seier FFI-forskaren.

Fleire russiske medium refererte rett før meldinga om flystyrten kom ei melding på sosiale medium frå den ukrainske opprørsleiaren Igor Girkin, som også går under namnet Igor Strelkov. om at dei hadde skote ned eit fly.

– Flyet har nettopp vorte teke ned ein stad rundt Torez. Vi åtvara dykk. Ikkje flyg i vårt luftrom, heiter det i meldinga.

Dette innlegget har skapt stor debatt på sosiale medium som Twitter og Facebook, og innlegget frå Girkin skal seinare har vorte fjerna.

– Ei terrorhandling

Minst 195 menneske omkom då passasjerflyet, ein Boeing 777 frå Malaysian Airlines, styrta i det austlege Ukraina i dag. Den ukrainske presidenten Petro Porosjenko kallar det som skjedde ei terrorhandling , medan tenestemenn i innanriksdepartementet seier rett ut av flyet vart skote ned av opprørarar.

Opprørarane nektar for å skote ned passasjerflyet, og dei legg skulda på den ukrainske regjeringshæren. Dei viser blant anna til at ukrainske regjeringsstyrkar også tidlegare har skote ned eit passasjerfly.

Dette skjedde i 2001, då eit chartra fly på veg frå Tel Aviv i Israel til Novosibirsk i Russland ved ein feil vart skote ned over Svartehavet under ei ukrainsk marineøving.

Ukrainske styresmakter avviser på det sterkaste at dei har skote ned det malaysiske flyet.

LES OGSÅ: Russland nekter for å ha skutt ned ukrainsk fly

LES OGSÅ: Norwegian: Vi flyr ikke over Ukraina før situasjonen er avklart

LES OGSÅ: «Hvis vi forsvinner, ser flyet slik ut»

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt