Hopp til innhold

Berlusconi blir utskriven onsdag

Silvio Berlusconi blir liggjande på sjukehus i eitt døgn til, etter angrepet søndag.

Silvio Berlusconi fotografert etter angrepet.

Slik såg Silivo Berlusconi ut like etter angrepet.

Foto: RAI TG3 / Scanpix/AP

Legen til statsministeren, Alberto Zangrillo, sa i ei kort fråsegn i dag at Berlusconi blir på San Rafaele-sjukehuset i Milano i eitt døgn til, og at han skal halde seg borte frå offentlege oppdrag i 14 dagar framover. Han må unngå alle former for stress, heiter det.

Etter planen skulle han reise til København for å delta på avslutninga av klimatoppmøtet der komande helg, men dette blir det ikkje noko av.

Ein halv liter blod

Miniatyrmodell av den gotiske katedralen i Milano.

Det var ein miminatyrmodell avden gotiske katedralen i

Foto: Alessaandro Garofalo / Scanpix/Reuters

Han har framleis vondt i hovudet, og han har også problem med å få i seg mat, blir det opplyst. Han har også eit djupt kutt under det venstre auget. I tillegg miste han to tenner, og han fekk skadar i munnen og på leppene.

Berlusconi miste ein halv liter blod i angrepet, og skadane kunne lett ha vorte enda meir alvorlege, seier legen.

Samstundes går den 42 år gamle mannen som gjekk til angrep på den italienske statsministeren ut med orsaking for det han har gjort. Han slo til Berlusconi med ein miniatyrmodell av den gotiske katedralen i Milano.

Populær julegåve

Eit resultat av angrepet er at salet av desse miniatyrmodellane har auka kraftig. Ein seljar i sentrum av Milano seier at det ser ut til at milinatyren av katedralen ser ut til å ha vorte ei populær julegåve.

I eit brev til statsministeren skriv han at er svært lei for det han gjorde, at det var ei feig og impulsiv handling som han tek fullstendig avstand frå.

Advokatane hans seier i ei fråsegn at 42-åringen handla heilt åleine, og at det ikkje var politiske motiv bak ugjerninga.

Gjerningsmannen, som har ei fortid med mykje psykisk sjukdom, risierer fem års fengsel om han blir funnen skuldig.

Ei bra natt

Talsmannen til Berlusconi, Paolo Bonaiuti, seier at statsministeren har hatt ei bra natt på sjukehuset, langt rolegare enn den første. Han vakna då det vart lyst ute, og han bad straks om å få lese avisene. Alle førstesidene bar preg av angrepet på statsministeren også i dag.

Talsmannen sa også at han trudde det vil bli vanskeleg å halde Berlusconi i ro i 14 dagar, fordi det er svært vanskeleg å halde han unna arbeidet.

- Det same gjeld besøk. Sjukehuset vil at så få som råd får sleppe inn til han, medan han sjølv gjerne vil ha besøk av alle, seier ein lettare oppgitt Paolo Bonaiutu.

I ettermiddag sende Berlusconi ei melding frå sjukehuset til alle tilhengjarane sine via internett.

- Takk til alle som har sendt helsingar til meg. Eg seier til dykk alle, ver rolege og glade. Kjærleik vinn alttid over hat og misunning, heiter det.

To politimenn på vakt utanfor sjukehuset der Berlusconi er innlagd.

To politimenn på vakt utanfor sjukehuset, der Berlusconi-tilhengjarar har hengt opp plakatar til støtte for statsministeren.

Foto: Luca Bruno / Scanpix/AP

LES OGSÅ: - Jeg forventet at noe som dette kom til å skje

LES OGSÅ: Berlusconi må bli på sjukehuset

LES OGSÅ: Berlusconi slått til blods

Ti klassiske Berlusconi-fadeser

SISTE NYTT

Siste nytt