Hopp til innhold

Berlusconi må bli på sjukehuset

Det vil ta fleire veker før Silvio Berlusconi er pigg igjen etter angrepet i går, seier legen hans, Alberto Zangrillo.

Silvio Berlusconi miste to tenner i angrepet.

Silvio Berlusconi miste to tenner i angrepet.

Foto: Rai TG3 / Scanpix/AP

Silvio Berlusconi får hjelp av politiet etter angrepet.

Silvio Berlusconi får hjelp av politiet etter angrepet.

Foto: Livio Anticoli / Scanpix/Reuters

Den omstridde italienske statsministeren har vore innlagd på eit sjukehus i heimbyen Milano i natt, etter at han vart angripen av ein 42 år gammal mann i byen i går ettermiddag.

Berlusconi slått til blods

Blodtap

Lege Alberto Zangrillo opplyser at Berlusconi har brote nasa, han har mist to tenner og har hatt eit betydeleg blodtap. Han har også skadar på leppene og i munnen.

Han skal gjennomgå ei CT-undersøking (scanning av hovudet), men det blir truleg ikkje nødvendig med kirurgiske inngrep, trur legen.

Han reknar med at Berlusconi må bli på sjukehuset i opp til to døgn.

Sjølv har Berlusconi uttrykt overrasking over at han ikkje hadde mist eit auge.

Det italienske nyheitsbyrået ANSA melder at Berlusconi hadde ei roleg natt på sjukehuset, og at det første han bad om då han vakna i dag var å få lese avisene.

Psykiske problem

Den 42 år gamle mannen som gjekk til angrep på statsministeren i går har ei historie med store psykiske problem. Han brukte ein suvernirmodell av domkyrkja i Milano til å angreipe Berlusconi med.

Dei politiske støttespelarane til Berlusconi gjekk raskt ut og tok avstand frå angrepet, og nytta også høvet til å slå politisk mynt på det.

- Det dei har gjort mot Berlusconi er eit terrorangrep, sa Umberto Bossi, leiar for partiet Legia Nord og ein nær alliert av statsministeren.

Ein annan støttespelar sa at det den siste tida er bygd opp ei hatsk stemning mot Berlusconi, og at dette er årsaka til angrepet i går.

Silvio Berlusconi like etter angrepet.

Silvio Berlusconi like etter angrepet.

Foto: Tai TG3 / Scanpix/AP

SISTE NYTT

Siste nytt