NRK Meny
Normal

Argentinas president ber paven om Falkland-hjelp

Argentinas president Cristina Kirchner bad i dag den nyutnemnde paven om hjelp til å løyse striden med Storbritannia om Falklandsøyane.

Cristina Fernandez Kirchner møtte pave Frans i Vatikanet.

Cristina Kirchner viser stolt fram skriftrullen ho fekk i gåve frå pave Frans.

Foto: HANDOUT / Reuters

Cristina Kirchner er den første internasjonale leiaren som har hatt audiens hos landsmannen pave Frans, som er den første paven nokon gong frå det amerikanske kontinentet. Kirchner fekk møte paven før han skulle halde innsetjingsmessa si.

Falkland-dialog

Som videoen over viser var det eit hjarteleg møte mellom dei to, der presidenten gav fleire gåver til den nye paven.

Etter audiensen sa Cristina Kirchner til journalistar at ho hadde bede pave Frans om hjelp til å skape dialog mellom Argentina og Storbritannia i striden om Falklandsøyane.

Klipp frå då Argentinas president møtte den nye paven, som også er frå Argentina.

VIDEO: Cristina Kirchner møtte paven i Vatikanet.

– Eg bad paven om hjelp til å skape dialog mellom oss, sa ho blant anna. Ho minte om at pave Johannes Paul II mekla i ein liknande konflikt mellom Argentina og Chile.

LES OGSÅ: Argentina gjenoppliver krangel om Falklandsøyene

David Cameron

Storbritannias statsminister David Cameron avviser at Storbritannia har rana til seg Falklandsøyane

Foto: ANDREW COWIE / Afp

Storbritannias statsminister David Cameron har merkt seg at pave Frans i 2012, altså før han vart pave, hadde sagt at Storbritannia hadde rana til seg Falklandsøyane. Han gjorde sist veke det klart at på det punktet hadde den noverande paven teke feil.

Argentinsk okkupasjon

Falklandsøyane ligg i det sørlege Atlanterhavet utanfor kysten av Argentina, og øyane har vore britisk koloni i fleire hundre år. I 1982 okkuperte Argentina dei omstridde øyane, noko som førde til krig mellom dei to landa.

Storbritannia sende ein stor fly- og flåtestyrke til øyane, og etter ein intens krig måtte dei argentinske styrkane trekkje seg tilbake til fastlandet.

Sist veke heldt innbyggjarane på Falklandsøyane avrøysting om dei framleis skal høyre til Storbritannia, eller om dei skal gå tilbake til Argentina. Over 99 prosent av dei rundt 3000 innbyggjarane røysta for at dei framleis skal vere ein del av Storbritannia.

Dei aller fleste innbyggjarane på den forblåste øygruppa er etterkomarar etter britar som emigrerte dit på 1800-talet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt