Ein amerikansk regjeringstalsmann seier i dag at islamisten Abu Bakar Bashir er djupt involvert i planlegging og gjennomføring av terroraktivitetar. Han er likevel ikkje dømd for terror, men for dokumentfalsk.
Sjefen for indre tryggleik i USA, Tom Ridge (t.v.) saman med sin indonesiske kollega Susilo Bambang Yudhoyono. (Foto: AFP/Scanpix)
Abu Bakar Bashir blir snart sett fri frå fengsel. (Foto: Reuters/Scanpix)
Høgsterett
Det var i går at Høgsterett i Indonesia halverte straffa til Bashir, slik at han truleg blir sett fri 19.- elller 20. april.
USA og fleire andre land ser på Abu Bakar Bashir som den eigentlege leiaren i gruppa Jemaah Islamiyah. Dette er gruppa som gjennomførde terroraksjonen på Bali i oktober 2002, der 202 menneske omkom, og fleire andre terrorangrep. Jemaa Islamiyha blir rekna for å ha nære band til Al Qaida-nettverket til Osama bin Laden.
Terroraksjonen på Bali, der fleire sjølvmordsbombarar retta angrep mot eit stort kjøpesenter/restaurantkompleks på den populære ferieøya, var den største terrorkaksjonen etter 11. september.
USA skuffa
Sjefen for det nasjonale tryggingsministeriet i USA, Tom Ridge, er på besøk i Indonesia, og han sa klart til sin indonesiske kollega Susilo Bambang Yudhoyano at han var skuffa over avgjerda i indonesisk høgsterett.
Han sa at han håpa at det ville bli klart for alle kor djupt involvert Bashir er i internasjonal terrorisme, og at han kan bli dømd på ein annan måte. Samstundes rosa han det faktum at det var ein rettsleg prosess som eit teikn på at Indonesia er på veg mot demokrati.
Indonesiske styresmakter har forsikra USA om at landet framleis vil kjempe mot terrorisme, trass i avgjerda om å setje fri Bashir. Også australske styresmakter har reagert sterkt på avgjerda om å redusere straffa til mannen mange ser på som hovudmannen bak bombene på Bali.
Australia
Mange av dei drepne i terroraksjonen på Bali var frå Australia. Bali har vore eit ynda feriemål for australiarar i mange år, men etter terrorangrepa har trafikken gårr markert ned.
Abu Bakar Bakshir held ein pressekonferanse i fengselet i Jakarta i dag, der han kom med harde utfall mot USA og Australia. Han kalla landa fiendar av islam, og skulda dei for å mangle respekt for dei indre forholda i andre land.
Bashir lovde også at han skulle halde fram kampen for å innføre islamsk lov, sharia, i Indonesia. Utan å nemne namnet på den indonesiske presidenten Megawati Sukarnoputri, gjorde han også eit poeng av at ho er kvinne.
- Ikkje røyst på ei kvinne ved presidentvalet. Islamske lover forbyr å ha ei kvinne som president, sa han blant
anna.
Frikjend
Dette er ikkje første gongen Bashir har sigra i rettssalen. I november i fjor vart han frikjend for tiltalen om å ha prøvd å gjennomføre statskupp gjennom gruppa Jemaa Islamiyha.
I april 2003 vart han stilt fore retten tiltalt for som Jemaa Silamiyha-leiar ha stått bak ein terroraksjon mot ei kyrkje julaftan 2002, der 19 vart drepne. Han var også tiltalt for å ha stått bak planar om å angripe amerikanske mål i nabolandet Singapore.
I september i fjor vart han frikjend for tiltalen på landssvik, men vart dømd for dokumentafalsk og brot på immigrasjonslovene. Det er denne dommen som høgsterett no har halvert.
Den 65 år gamle islamisten har heile tida sagt at skuldingane mot han er fabrikkerte gjennom ein amerikansk-jødisk svertekmapanje mot islam.
Abu Bakar Bashir var ein av grunnleggjarane av Al-Mikmin-skulen på øya Java, ein islamsk kostskule. Fleire dømde terroristar, inkludert nokre av dei som var med på sjølvmordsaksjonen på Bali, hadde vore elevar ved skulen.