Hopp til innhold

Vil verne havområde like store som India

Australia varslar at landet vil verne havområde tilsvarande India i storleik. Det vil bli forbode å leite etter olje og gass i verneområda som husar fleire tusen unike plante- og dyreartar.

Miljøvernminister i Australia

AUKAR VERNEOMRÅDA: Miljøvernminister i Australia, Tony Burke, annonserer at landet skal trappe opp vernet av det unike natur- og dyremangfaldet.

Foto: GREG WOOD / Afp

Dei nye verneområda til havs vil dekke i alt 3.1 millionar kvadratkilometer. Det svarar til over ein tredjedel av dei australske farvatna.

Talet på verneområde er i dag på 27, og planane er å auke til i alt 60.

LES: Koalaen dør ut

Great Barrier Reef

KORALLREV: Området utanfor Great Barrier Reef vil bli det største verneområdet i heile verda.

Foto: HANDOUT / Reuters

Australia har arbeidd med planane i fleire år, men lanserer dei no i samband med det internasjonale toppmøtet om miljø og utvikling i Rio de Janeiro neste veke.

– Det er på tide at verda rundar eit hjørne i vernet av hava våre, og Australia vil vise veg, seier miljøvernminister Tony Burke.

Største verneområdet i heile verda

Det viktigaste området som skal vernast er havområda i Korallhavet rundt Great Barrier Reef, fastslår miljøvernministeren. Dette vil ifølgje han bli det største verneområdet til havs i heile verda.

Great Barrier Reef er verdas største korallrev, og har eit enormt artsmangfald av fisk og virvellause dyr. Området har fleire truga artar.

LES: Great Barrier Reef truga av plantevernmidlar

LES: Vil lokke turistar til å bade med drapsmaskiner

Australia Marine Reserve

UNIKT: Great Barrier Reef husar fleire tusen dyre- og planteartar som ikkje fins andre stader i verda.

Foto: Ap

Australia er kjent for det unike artsmangfaldet. Landet husar om lag 7000 unike dyreartar i tillegg til over 21 000 planteartar som ikkje veks naturleg andre stader i verda, og er ein populær turistmagnet.

Leiting etter olje og gass vil bli forbode i alle vernesoner.

Formålet med dei nye planane er mellom anna å styrke vernet av truga artar som blåkval, suppeskjelpadde, sandtigerhai og sjøku.

Skal sikre artsmangfaldet

– Dette nye nettverket av verneområde vil bidra til å sikre artsmangfaldet til havs, seier Burke.

Miljøvernorganisasjonen Australian Conservation Foundation kallar planane historiske.

I hava rundt Australia er det til no oppdaga om lag 5000 unike fiskeartar som er avhengige av det unike klimaet og miljøet.

– Sjølv om leiting etter olje og gass blir forbode i Korallhavet, er andre havområde framleis sårbare for slike trugslar, seier leiar Don Henry.

Andre miljøvernorganisasjonar skuldar regjeringa for å ha bøygd seg for oljeinteressene og late vere å verne viktige habitat for kval og delfin.

Fiskeriet blir råka

Verneplanane vil også få følgjer for fiskenæringa, noko som har provosert både fiskenæringa og den politiske opposisjonen.

– Dette er svært øydeleggjande, og dei som vil lide mest er kystsamfunna, seier Dean Logan, leiar i fiskeriorganisasjonen Australian Marine Alliance.

Opposisjonsleiar Tony Abbot frå Dei konservative går hardt ut mot planane.

– Planane trugar rettane til fiskarar og turoperatørar, seier han.

Ifølgje Burke startar forhandlingane med fiskenæringa, som truleg vil få store summar i kompensasjon. Forhandlingane skal gå føre seg over to månader.

(NTB/NRK)

SISTE NYTT

Siste nytt