Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi takka Noreg

I eit møte med utanlandske diplomatar i dag takka Aung San Suu Kyi spesielt for den støtta ho har fått frå Noreg, seier utviklingsminister Erik Solheim.

- Eg elskar folket, står det på plakaten Aung San Suu Kyi viser fram.

- Eg elskar folket, står det på plakaten Aung San Suu Kyi viser fram.

Foto: Khin Maung Win / Ap

Erik Solheim

Erik Solheim håpar lauslatinga av Aung San Suu Kyi er eit steg i rett retning for Burma.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ein norsk diplomat var til stades under folkemøtet i Rangoon i dag, og på eit møte med utanlandske diplomatar etter møtet takka ho spesielt for den norske innsatsen.

Erik Solheim fortel at det nærmast var ei euforisk stemning under folkemøtet utanfor hovudkvarteret til opposisjonspartiet NDL, Den nasjonale demokratiligaen, i dag.

LES OGSÅ: Vil ha dialog om Burma-sanksjonar

LES OGSÅ: Suu Kyi krever demokrati i Burma

Det var ikkje korkje politi eller soldatar i området, og dei frammøtte både lo og gret, har den norske diplomaten fortalt. Etter møtet gjekk folk roleg heim, og det var aldri tilløp til uro.

- Det vil ikkje skje noko i Burma umiddelbart, men eg håpar at dette eit steg rå rett veg i eit historisk perspektiv, seier Erik Solheim.

Det var fleire tusen tilhengjarar til stades utanfor partihovudkvarteret i dag som ville høyre på Aung San Suu Kyi, som vart sett fri frå husarrest i går. Ha har vore i husarrest i 15 av dei siste 21 åra.

LES OGSÅ: Amnesty: – Verden må ikke la seg lure

LES OGSÅ: - Gir håp om endring i Burma

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyi er sett fri

LES OGSÅ: Dette er Aung San Suu Kyi

Folkefest i Rangoon med Aung San Suu Kyi.

Det var ei enorm stemning på folkemøtet i Rangoon i dag.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt