Hopp til innhold

- Gir håp om endring i Burma

Utanriksminister Jonas Gahr Støre håpar at lauslatinga av Aung San Suu Kyi i dag kan vere starten på ein demokratisering i Burma.

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre meiner lauslatinga kan gi håp om ei endring i Burma.

Foto: NRK

Støre seier til NRK at han i dag først og fremst er letta på Suu Kyi sine vegner over at ho no ikkje lenger er i husarrest. Han tenkjer på henne som eit enkeltmenneske som har vore i fangenskap i så mange år, og han håpar at ho no får halde fram som politikar.

Han meiner det er viktig at Suu Kyi no får sin fulle fridom, og at ho får snakke med alle ho vil og reise dit ho ynskjer.

Støre fortel at ein representant for den norske ambassaden er på plass i Rangon for å følgje uitviklinga, og at representanten er klar til å møte Suu Kyi så snart det passar for henne.

LES OGSÅ: – Den første reaksjonen blir glede

LES OGSÅ: Dette er Aung San Suu Kyi

Håp om prosess

- Ser vi på fortida til regimet er det ikkje nokon grunn til å vere optimistisk. Men det kan ha vorte sett i gang ein prosess i Burma som kan vere starten på noko, seier Jonas Gahr Støre.

Inger Lise Husøy

Inger Lise Husøy er dagleg leiar for Den norske Burmakomiteen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Han støttar USAs president Barack Obama sitt krav om at alle dei over 2000 politiske fangane i Burma skal setjast fri, og han lovar at norske styresmakter vil gjere det dei kan for å leggje presse på regimet i Burma.

- Men det er først og fremst India og Kina som gir regimet spelrom og som kan påverke militærjuntaen, seier han.

Den norske Burmakomitè meiner at lauslatinga er svært gledeleg, men at det ikkje endrar situasjonen i Burma eller regimet.

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyi er sett fri

- Planlagd strategi

Ingen bør ha noko håp om at lauslatinga er noko anna enn ein nøye planlagd strategi frå juntaen si side for å dempe internasjonal kritikk etter valet sist søndag, heiter det i ei fråseng frå Burmakomiteen.

Dagleg leiar Inger Lise Husøy minner at sist Suu Kyi vart sett fri, gjekk juntatilhengjarar til angrep på henne under ei reise nord i landet i mai 2003.

- Det internasjonale samfunnet må krevje ein garanti tryggleiken ehnnar Aung San Suu Kyi er framleis elska av folket , og dermed er ho den verste fienden til regimet, seier Husøy til NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt