Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi er sett fri

Fredsprisvinnaren frå1991, Aung San Suu Kyi, er sett fri frå husarrest. Ho smilte og vinka frå porten til dei fleire tusen tilhengjarane utanfor, og ho heldt ein kort tale.

Aung San Suu Kyi-tilhengjar

Ein av dei mange Aung San Suu Kyi-tilhengjarane som har venta utanfor huset hennar.

Foto: STR / Afp

I den improvisert talen til tilhengjarane sine, takka ho for all støtte. Den 65 år gamle opposisjonsleiaren sa også at dei no måtte arbeide saman for å oppnå målet om eit demokratisk Burma.

- Det er ei tid for å teie stille, og det er ei tid for å snakke. No må vi arbeide saman. Berre på den måten kan vi nå måla våre, sa ho til folkemengda før ho gjekk inn i huset igjen.

LES OGSÅ: – Den første reaksjonen blir glede

LES OGSÅ: Overvåker via kinesisk nettverk

Jubelen var så kraftig at mange hadde store problem med å høyre kva hovudpersonen sa. Ein av tilhengjarane kasta ein blome inn til Suu Kyi, som ho straks festa til håret sitt

Ho skal seinare i dag halde eit møte med andre leiarar i partiet NLD, Den nasjonale ligaen for demokrati, for å stake ut kursen for det vidare arbeidet.

Før ho gjekk ut for å møte tilhengjarane sine var advokaten hennar og den private legen hennar inne i huset saman med henne.

Video Her vinker Aung San Suu Kyi til tilhengerne

VIDEO: Aung San Suu Kyi møter tilhengjarane sine.

Skal tale søndag

Ho oppmoda samstundes tilhengjarane om å møte opp på partihovudkvarteret i morgon søndag, der ho vil halde ein tale.

Nyheitsbyrået AFP melder at politiet starta med å rive barrikadar og sperringar utanfor huset hennar i utkanten av Rangoon. Like etter gjekk representantar for styresmaktene inn for å lese opp ein ordre om lauslating.

Augevitne utanfor heimen til opposisjonsleiaren fortel at politiet ikkje lenger vaktar inngangen til huset.

Fleire tusen tilhengjarar, som har venta i spenning rundt huset, storma jublande fram mot bygningen. Det var sterke gledesscener då nyheita om at Suu Kyi var sett fri, vart kjend blant dei frammøtte.

Sjølv om dei fleste no reknar med at Aung San Suu Kyi er fri, har det enno ikkje kome ei offisiell stadfesting av at ho er sett fri. Men ein anonym tenestemann i regjeringspartiet seier til AFP at Suu Kyi er fullstendig fri, at det ikkje er sett noko vilkår for lauslatinga.

Aung San Suu Kyi er sett fri.

Tilhengjarane til Sung San Suu Kyi har venta i fleire timar på at ho skal blir sett fri.

Foto: Khin Maung Win / Ap

Mange år i husarrest

Aung San Suu Kyi har vore i husarrest i rundt 15 av dei siste 21 åra. For 20 år sidan vann partiet hennar ein knusande siger i parlamentsvalet i landet. Militærjuntaen underkjende valresultatet, og Suu Kyi vart sett i husarrest.

Ho har ikkje opplevd ein dag i fridom sidan 2003. I mai i fjort vart husarresten forlengd med 18 månader, etter at ein amerikansk mann symde over ein innsjø og greidde å ta seg inn i huset hennar.

Det er over 2000 andre politiske fangar i Burma.

LES OGSÅ: Dette er Aung San Suu Kyi

LES OGSÅ: – Tviler på at Suu Kyi vil gå fri

Aung San Su Kyi talar til tilhengjarane.

Ei glad Aung San Suu Kyi kunne endeleg tale til tilhengjarane sine igjen.

Foto: Khin Maung Win / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt