Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi legg skulda på utlendingar

Myanmars mektigaste politikar, fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, seier at utlendingar nører opp under uroa mellom buddhistar og muslimar i den nordvestlege delen av landet.

Aung San Suu Kyi i Singapore.

Aung San Suu Kyi på talarstolen under eit besøk i Singapore denne veka.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

Ho seier dette etter at hæren i Myanmar den siste tida har aksjonert mot muslimske opprørarar. 86 menneske er drepne, og rundt 10.000 skal ha flykta til nabolandet Bangladesh.

Aung San Suu Kyi seier i eit intervju med Singapore-baserte Channel News Asia at det internasjonale samfunnet ikkje må gløyme at militæroperasjonen vart sett i verk som svar på dei muslimske opprørarane sine angrep på tryggingsstyrkane.

Kritikk frå naboland

– Eg hadde sett stor pris på om det internasjonale samfunnet ville ha hjelpt oss med å sikre fred og stabilitet, og til å få til framgang i arbeidet med å få eit betre forhold mellom dei to folkegruppene, i staden for hisse til ytterlegare strid, seier Suu Kyi i intervjuet.

Aung San Suu Kyi i Singapore.

Aung San Suu Kyi meiner det internasjonale samfunnet ikkje forstår situasjonen i Myanmar.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

Aung San Suu Kyi seier dette etter at den malaysiske utanriksministeren nyleg sa at Myanmars behandling av den muslimske Rohingya-minoriteten minner om etnisk reinsing.

– Denne praksisen må stanse. Det faktum at berre ei spesiell etnisk gruppe i landet blir drivne på flukt, viser at det er snakk om etnisk reinsing, heiter det i ei fråsegn frå UD i nabolandet Malaysia, ifølgje den britske avisa The Guardian .

Tapte presidentkampen – vant makten

Første sivile president på 50 år

– Brotsverk mot menneskeslekta

Også FNs menneskerettsorganisasjon har sagt at behandlinga av rohingyane kan vere brotsverk mot menneskeslekta .

Styresmaktene i Myanmar har avvist som løgn skuldingar om at soldatar har drive utstrekt valdtekt av kvinner, dreping av sivile og brenning av bustadhus under militæraksjonen nordvest i landet.

Den siste uroa i det nordvestlege Myanmar starta 9. oktober, då ni soldatar i tryggingsstyrkane vart drepne. Etter dette vart det sett i verk ein militæraksjon, og det vart også slutt på å sende humanitær hjelp til området. Området er også stengt for utlendingar.

Rohingyane i Myanmar består av rundt 1,1 millionar menneske. Dei fleste av dei er utan myanmarsk statsborgarskap, sjølv om familiane deira har budd i landet i fleire generasjonar. Dei har heller ikkje rett til helsetenester og utdanning.

Suu Kyi blir trolig ikke del av regjeringen

– Illegale innvandrarar

Dei blir ofte refererte til som «bengalarar», som indikerer at mange ser på dei som illegale innvandrarar frå Bangladesh. Rohingyane er ikkje blant dei 135 folkegruppene som er registrerte som minoritetar i landet.

I det nordlege Rhakline-provinsen, ein av dei fattigaste i Myanmar, er muslimane i fleirtal.

– I Rakhine så er det ikkje berre muslimar som er nervøse og redde. Rhakinarane er redde for at det blir stadig færre av dei i forhold til muslimane, seier Aung San Suu Kyi i intervjuet.

SISTE NYTT

Siste nytt