Hopp til innhold

To år etter jordskjelvet er 8 av 10 fattige i Haiti

Nesten åtte av ti innbyggjarar på den karibiske øya Haiti lever i fattigdom, melder FNs utviklingsprogram UNDP.

Gjenoppbygging i jordskjelvramma Haiti.

Meir enn fem millionar kubikkmeter bygningsrestar har blitt fjerna frå gatene i Port-au-Prince og Leogane gjennom eit samarbeid mellom FN og haitiske styresmakter.

Foto: FNDP

Trygve Ølfarnes er kommunikasjonssjef for Norden i UNDP.

Trygve Ølfarnes er kommunikasjonssjef for Norden i UNDP.

Foto: UNDP

Haiti var eit fattig og skakkøyrt land også før det katastrofale jordskjelvet som ramma 12. januar 2010, på dagen to år sidan torsdag. 300.000 bygningar fekk skadar i skjelvet, og 1,5 millionar menneske vart heimlause.

Problema står i kø

Jordskjelvet for to år sidan tok livet av 30 prosent av alle offentleg tilsette. Og problema står i kø for det hardt ramma landet, som utgjer halvparten av øya Hispanola. Den andre halvparten høyrer til Den dominikanske republikk.

Nordmannen Trygve Ølfarnes er kommunikasjonssjef ved det nordiske kontoret til UNDP, ei forkorting for United Nations Development Program .

– For å få landet på fote igjen, er det heilt naudsynt å sikre lov og orden. I tillegg må folk få god nok opplæring i jobbane som skal utførast, seier han.

Mange bur framleis i teltleirar i Haiti.

Det blir gjort ein stor innsats for å få folk til å flytte tilbake til dei gamle nabolaga sine, men mange bur framleis i teltleirar.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

Han fortel at UNDP hittil har gitt opplæring til 2700 haitiarar. Alle dommar og politifolk har gått gjennom eit grunnleggjande program, og murarar og snikkarar har fått instruksar om korleis ein skal byggje meir solide hus.

LES OGSÅ: Rekordstore forsikringskrav etter fjorårets naturkatastrofer

Små glimt av håp


– Vi trur dette vil gjere at skadane på bygningar og menneske skal bli mindre når neste naturkatastrofe kjem, seier Ølfarnes.

Det er altså små glimt av positive nyheiter frå Haiti. FN har i samarbeid med haitiske styresmakter sytt for at over 1000 familiar har fått returnert til sine gamle nabolag. For at det skulle vere mogleg er fjerning av bygningsrestar frå samanraste hus ei viktig oppgåve.

Ein mann passerer ein minnevegg for offera etter jordskjelvet 12. januar 2010.

Ein mann passerer ein minnevegg for offera etter jordskjelvet for to år sidan i Port-au-Prince.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

– Gjenoppbyggingsarbeidet har vore svært krevjande. Saman med styresmaktene, innbyggjarane og andre FN-organisasjonar har vi fjerna halvparten av bygningsrestane etter skjelvet. Ein god del av materiala kan resirkulerast, og vi har brukt dette til å byggje fortau og forstøytingsmurar, seier Ølfarnes.

LES OGSÅ: De privilegerte få bader i luksus – tusener bor i flyktningleire

LES OGSÅ: Norske bistandsmillioner kan bli brukt til å bygge opp Haitis hær

Viktig å sikre elvar

I Haiti er forstøytingsmurar i elveløp spesielt viktige, slik at flaumar i framtida ikkje skadar husa rundt. Hittil er ti kommunar sikra med forstøytingsmurar.

Arbeidarar ryddar opp i teltleir i Haiti.

Arbeidarar ryddar opp i eit område der det har vore teltleir heilt til den siste tida.

Foto: SWOAN PARKER / Reuters

Ølfarnes legg vekt på at gjenoppbyggingsarbeidet krev god planlegging. Det er fleire tusen frivillige organisasjonar i arbeid i Haiti. UNDP har no tilbode Haitis regjering 70 internasjonale og nasjonale ekspertar.

LES OGSÅ: – Haiti må ta valgene selv, ingen kan overstyre dem

LES OGSÅ: – Ikke gi oss penger, gi oss en jobb

– Ei hovudoppgåve i tida som kjem blir å sikre at offentlege instansar med ansvar for utdanning, helse, løyver, rettstryggleik og kriseførebyggjande tiltak, fungerer slik dei skal, seier Trygve Ølfarnes, kommunikasjonssjef i FNs utviklingsprogram.

Politiopplæring er ein viktig del av gjenoppbygginga av Haiti.

Opplæring av politifolk er ei viktig oppgåve for å gjere det mogleg å gjenreise Haiti.

Foto: UNDP

LES OGSÅ: Her kan ett av tre barn sulte i hjel

SISTE NYTT

Siste nytt