Hopp til innhold

Assange får gifte seg i fengselet

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange har fått løyve til å gifte seg med kjærasten Stella Moris i fengselet.

Stella Moris fotografert utenfor høyesterett i London 28. okt. 2021

ENDELEG JA: Assange og kjærasten Stella Moris har prøvd å få gifte seg i fleire år. Dei har to barn saman.

Foto: Frank Augstein / AP

Assange har sete fengsla i Belmarsh-fengselet i London sidan 2019. USA har i årevis kravd å få han utlevert.

I USA ventar skuldingar om spionasje etter at Assanges nettstad Wikileaks i 2010 offentleggjorde tusenvis av hemmelege amerikanske dokument som avslørte ei rekkje overgrep under USAs krigføring i Irak og Afghanistan.

Har to barn saman

Paret møttest då Assange budde i den ecuadorianske ambassaden i London, der han hadde søkt tilflukt i eit forsøk på å unngå utlevering.

Moris er opphavleg frå Sør-Afrika, er utdanna advokat og hjelpte til i utleveringssaka.

Stella Moris på en protestdemonstrasjon for Julian Assange i London 23. oktober i år.

Stella Moris på ein protestdemonstrasjon for Julian Assange i London 23. oktober i år.

Foto: TOM NICHOLSON / Reuters

Dei to møttest første gong i 2011, innleidde eit forhold i 2015, forlova seg i 2017 og har to søner saman. Dette vart først kjent i fjor, då Daily Mail viste bilde av den vesle familien.

– Eg er letta over at fornufta sigra, og eg håpar det ikkje blir ytterlegare innblanding i vårt giftarmål, seier Moris til britiske Press Association (PA).

Ein talsperson for fengselet seier at førespurnaden frå Assanges vart vurdert og behandla på vanleg måte, likt som for andre innsette.

Julian Assange med avisforside fra The Guardian

Julian Assange og Wikileaks vart for alvor kjent då nettstaden i 2010 offentleggjorde 500.000 dokument som avslørte USAs overgrep i Irak og Afghanistan.

Foto: NRK

50 år gamle Julian Assange er australsk statsborgar. Han vart i 2019 arrestert av politiet og bore ut av Ecuadors ambassade i London.

Der hadde han opphalde seg i fem år i eit forsøk på å unngå å bli utlevert til Sverige, der han var skulda for valdtekt. Den saka er sidan lagt bort.

Fryktar utlevering til USA

Assange frykta at han ville bli utlevert frå Sverige til USA, som har utskrive ein omfattande tiltale i 18 punkt mot 50-åringen. Han blir mellom anna skulda for brot på den amerikanske spionasjelova.

Julian Assange i retten i 2021

Teikninga viser Julian Assange då han møtte i retten i London i august i år

Foto: Elizabeth Cook / AP

Ein britisk dommar avviste i januar ein amerikansk førespurnad om utlevering, men det vart fremja ein anke, og saka er enno open.

Det er ikkje sett nokon dato for bryllaupet. Paret har i fleire år freista å få gifte seg.

SISTE NYTT

Siste nytt