NRK Meny
Normal

Desperate portugisarar emigrerer til eks-koloniar i Afrika

Tusenvis av unge arbeidsledige i Portugal flyttar til tidlegare portugisiske koloniar på jakt etter ei lysare framtid.

PORTUGAL/ Tiago plays his accordion while his dog asks for money at Via Augusta street in Lisbon

19 år gamle Tiago frå Lisboa går kreativt til verks for å skaffe ei inntekt.

Foto: RAFAEL MARCHANTE / Reuters

Etter kvart som den europeiske gjeldskrisa utfoldar seg, blir det meir og meir klart at Portugal kjem til å slite tungt med statsfinansane i framtida.

Arbeidsløysa i Portugal er no på 12,6 prosent. Blant ungdom i landet er den på underkant av 30 prosent, og det er førebels ingen teikn på at dette vil betre seg.

Situasjonen har no blitt så alvorleg for den unge generasjonen i landet, at dei er begynt å reversere ein lang tradisjon. Dei drar til delar av verda som før har vore rekna som underutvikla, i håp om ei betre framtid skriver BBC

362 avslag

Natalia Santos er ei av dei som har fått nok av resultatlaus jobbsøking i Portugal. Den 29 år gamle læraren har gjort alt ho kan for å skaffe seg fulltidsjobb i heimlandet. I løpet av dei siste åra har ho til saman søkt jobb på 362 skular. Men trass gode referansar, har ho fått avslag på alle søknadene.

Kvinna tek dei vikartimane ho kan få, og tener minsteløna i Portugal. Det summerar seg til rundt 500 euro i månaden. På fritida hjelper ho foreldra, som er arbeidslause, med å dyrke frukt og grønsaker.

– Eg føler meg svært frustrert og skuffa, seier ho til BBC.

– Men eg vil ikkje gi opp. Eg kjem til å dra utanlands, fordi eg er lei av å vente på at Portugal skal gi meg noko.

«Brain drain»

Ho er ikkje aleine om å dra til utlandet. Det som vert skildra som «den tapte generasjonen» i Portugal, blir meir og meir desperate etter å få ei trygg framtid.

No flyttar så mykje som 1 av 10 ferdig utdanna portugisarar ut av landet.

Portugal har i lang tid vore eit land som har eksportert arbeidskraft, men det har stort sett vore lågt utdanna arbeidarar frå landsbygda som har flytta vekk. No er trenden at også dei høgast utdanna vel å forlate landet.

Landet lir av det som vert kalla ein «brain drain», altså at dei flinkaste og mest talentfulle innbyggjarane flyttar frå landet.

ANGOLA-CENBANK/ Office buildings under construction stand behind the Angolan central bank building in the capital, Luanda

Angola er den raskast veksande økonomien i Afrika, mykje grunna store naturressursar.

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

Det er også ei stor endring i kva land emigrantane reiser til. Under den store arbeidsutvandringa på 1960-talet, var det stort sett dei rike delane av vest-Europa som vart oppsøkte. Men denne gongen peikar dei unge nasa mot tidlegare portugisiske koloniar som Brasil, Angola og Mosambik.

Alle desse landa har framleis portugisisk som offisielt språk, og er difor attraktive for dei tidlegare koloniherrene.

Firedoblar løna i Afrika

Det er ei historisk endring i rollene til dei tidlegare portugisiske koloniane. I mange tiår har innbyggjarane i desse landa dratt til Portugal av same grunn.

I Angola vart det skrive ut 156 visa til portugisarar i 2006. I 2010 var talet på 23.787. I Brasil auka talet med 60.000 mellom 2009 og 2010.

Ein sivilingeniør som tener 900 euro i månaden i Portugal, kan firedoble løna si Angola, ifølgje ein entrepenør BBC har intervjua.

– Dei fleste som drar har master- og doktorgradar, og det nye er at mange av dei ikkje ønskjer å dra tilbake til Portugal, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt