NRK Meny
Normal

«Berserk»-kaptein Jarle Andhøy kan få historisk fengselsstraff

Aldri før har ein norsk ekspedisjon brote meldeplikta for ferdsel i Antarktis. Leiaren for den ulovlege polferda vil om få dagar få svar på om han vert straffeforfølgt.

Andhøy og Massie venter på møte med Antarctica NZ

Jarle Andhøy (t.v.) og Samuel Massie har forklart seg for Polarinstituttet på New Zealand om den ulovlege Berserk-ferda. No kan ekspedisjonsleiar Andhøy få både fengselsstraff, bøter og krav om millionerstatning.

Foto: Anders Magnus / NRK

«Berserk»-kaptein Jarle Andhøy kan bli møtt av rettsforfølging og millionsøksmål når han om kort tid kjem heim til Noreg.

Norsk Polarinstitutt vil torsdag avgjera om leiaren for den ulovlege «Berserk»-ekspedisjonen skal meldast til politiet.

– Andhøy kjem til å stå til ansvar for det han har gjort, dersom det viser seg at han har brote lova, seier advokaten hans, Nils Jørgen Vordahl til NRK.no.

Fakta på bordet

Ekspedisjonen, som hadde som mål å atterobra Sørpolen hundre år etter Roald Amundsen, var nemleg ikkje godkjend av Norsk Polarinstitutt, slik det er krav om i norsk lov om ferdsel i Antarktis.

Ifølgje Winther er dette første gongen at eit norsk fartøy har brote meldeplikta for reise i Antarktis. Ifølgje lovteksten kan manglande meldeplikt straffast med opptil eitt års fengsel eller bøter - eller begge delar.

Instituttet er no i gang med å samla inn og vurdera informasjonen som skal leggja grunnlaget for ei eventuell politimelding.

Ei avgjersle kjem seinast torsdag ettermiddag, opplyser direktør ved instituttet, Jan-Gunnar Winther.

– Me vil ha alle fakta på bordet før me bestemmer oss. Om «Berserk»-ekspedisjonen vert politimeld, er det den norske påtalemakta som tek saka vidare til handsaming og prosessering.

Kan få krav om millionerstatning

Berserk

Berserk.

Foto: Jarle Andhøy / Scanpix

Leiteoperasjonen etter «Berserk» vart offisielt avslutta i dag - nøyaktig ei veke etter at den norske seglbåten sende ut eit naudsignal frå Rosshavet i Antarktis.

Leitemannskapet har konkludert med at dei tre som er sakna har sokke til botnen saman med båten.

I tillegg til at ekspedisjonen ikkje var rapportert inn, hadde «Berserk» heller ikkje ein avtale eller garanti for søk- og redningsutgifter, slik lova krev for ferdsel i polare strok.

Winther ved Polarinstituttet har tidlegare uttalt at det difor kan bli stilt erstatningskrav i millionklassen mot ekspedisjonen.

Uvisst kven som granskar

Ettersom det var redningssentralen på New Zealand som var ansvarlege for leiteoperasjonen, er det styresmaktene der som må leggja fram eit eventuelt erstatningskrav.

Det blir først aktuelt dersom undersøkingar kan påvisa aktløyse og regelbrot. Ei slik gransking vil bli gjort av den norske påtalemakta, men fordi saka er såpass unik, er det førebels uvisst kven som har ansvar for dette arbeidet.

– Det finst såvidt eg veit ikkje ei ei avdeling med spesifikt ansvar for sjøfartsulukker i Antarktis. «Berserk»-saka er så spesiell at me enno ikkje veit kva for ein seksjon eller instans som er den riktige, seier overbetjent Bjørn Kåre Dahl i seksjon for Nordsjø/miljø i Rogaland politidistrikt.

– Kanskje må Riksadvokaten koplast inn. Me sit førebels på gjerdet, legg han til.

Framleis på New Zealand

Nils Jørgen Vordahl

Nils Jørgen Vordahl er advokat og kontaktperson for Jarle Andhøy.

Foto: NRK

Advokaten til Andhøy har ingen fleire kommentarar til ei eventuell straffeforfølging og erstatningskrav på noverande tidspunkt.

– Det får me ta stilling til når påtalemakta har vurdert forholdet og dersom det eventuelt skulle bli framsett eit krav om erstatning, seier Vordahl.

Tysdag er Andhøy og Samuel Massie (18) framleis på New Zealand, der dei i føremiddag har forklart seg for styresmaktene.

– Dei vil oppfylla opplysningsplikta si og fortelja sjøfartsstyresmaktene på New Zealand så utfyllande som råd om ekspedisjonen.

– I tillegg har dei gjeve uttrykk for at dei er evig takksame for den hjelpa dei har fått i søket etter venene sine. No ønskjer dei å koma seg heim til Noreg så fort det er mogleg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt