Hopp til innhold

– Døydde på den vakraste plassen på jorda

Mannskapet på «Steve Irwin» har med tungt hjarte avslutta søket etter «Berserk».

Sea Sheperd-båten "Steve Irwin"

Howie Cooke på Sea Sheperd-båten 'Steve Irwin' seier Berserk-mannskapet har enda sine dagar på best mogleg måte.

Foto: Barbara Veiga / Sea Sheperd

Berserk-søk avslutta

Mannskapet om bord på 'Steve Irwin' sender si djupaste medkjensle til familier og vener av dei sakna frå Berserk.

Foto: Barbra Veiga / Sea Shephard / Scanpix

Sea Sheperd-fartøyet «Steve Irwin» har søndag avslutta søket etter eit tredje og siste forsøk langs vestkysten i Antarktis.

– Me skulle ønska me hadde funne dei i live. Det hadde vore ein enorm triumf og ein ubeskriveleg glede. Men me må nok innsjå at Berserk-mannskapet har gått ned med båten, seier kvartermeister på «Steve Irwin», Howie Cooke.

– Vakraste plassen å døy

«Steve Irwin» var den einaste båten i mils omkrins då naudsignalet frå den norske seglskuta «Berserk» blei sendt ut frå Rosshavet tysdag morgon.

Den 59 meter lange anti-kvalfangstbåten har med helikopter og eit mannskap på 37 saumfart fleire tusen kvadratmeter på tre forskjellige område utan å finna den norske seglbåten eller dei tre sakna om bord.

– Desse gutane var eventyrarar som kjende til risikoen ved å ferdast i Antarktis. Når ein først skal leggja vandringsstaven ned, finst det ikkje ein vakrare plass i verda å gjera det på enn i Antarktis, seier Cooke.

Keiserpingsvin nær McMurdo i Antarktis

Ein einsam keisarpingvin nær den amerikanske forskingsbasen McMurdo på Rossøya i Antarktis. Slike bilete fekk Berserk-gjengen truleg mange av på sin siste etappe av Sørpolen-ekspedisjonen.

Foto: STAFF / REUTERS

Forstår fascinasjonen

Han har tilbrakt fleire månader i isødet, i samband med ein kampanje mot japanske kvalfangarar.

Kampanjen skulle avsluttast i Sørishavet denne veka, ved markeringa av 100-årsjubileet til Roald Amundsens sydpoltriumf.

– Dette er ein ufatteleg nydeleg plass. Me har sett kvalar, pingvinar, albatrossar, selar og isfjell. Eg forstår polfararane sin fascinasjon, og trur «Berserk»-gutane sjølv ville sagt at det var ein del av leiken.

Howie Cooke er kvartermester på "Steve Irwin"

Howie Cooke er kvartermester på 'Steve Irwin'.

Foto: Sea Sheperd
– Me er psykisk utmatta

Leitemannskapet er no svært skuffa, og både fysisk og psykisk utmatta, i det dei kjempar seg gjennom ein snøstorm på veg heim til Hobart, Tasmania.

– Me har vore gjennom mange emosjonelle kjensler dei siste dagane. Håpet om å finna overlevande var med oss heile tida. Det har vore svært tøft, fortel Cooke, som på vegne av mannskapet sender si djupaste medkjensle til dei pårørande.

Forskingsfartøyet «Professor Kromov» vil i løpet av dei nærmaste dagane halda fram med søket etter «Berserk» på sin gjennomreise i området, men leitinga er kraftig trappa ned i det det nærmar seg månadsskifte og vinter i dei arktiske strøka.

Leteaksjon etter "Berserk" i Sørishavet
Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt