16 år gammal var Samuel Massie skuletrøytt, skulka, og hadde elendige karakterar. Så reiste han på folkehøgskule i Troms. Her endra alt seg.
Som 18-åring la han ut på det skjebnesvangre seglasen til Sørpolen med «Berserk». Samuel og Jarle Andhøy overlevde, men båten og dei tre andre om bord kom aldri heim.
OVERLEVDE: Her er Jarle Andhøy og Samuel Massie i Christchurch på New Zealand etter Berserk-forliset i 2011.
Foto: Anders MagnusSamuel har skrive bok om ekspedisjonen. Sjølv om turen med «Berserk» enda i tragedie, har han noko viktig å fortelje: Alle kan finne noko som gjev dei kjensla av eit liv med meining.
Denne veka fortalde han om alt han har opplevd til ungdomar på vidaregåande skular i Hordaland.
- Sjå video frå skulebesøket på Årstad øvst i saka
– Kan eg, så kan alle
– Er det nokon som har gidda å låne boka?
FORSVANN: «Berserk» forsvann i Antarktis i 2011, med tre personar om bord.
Foto: Wildvikings.comSamuel Massie er innom skulebiblioteket på Årstad vidaregåande skule. Her skulle han eigentleg sjølv ha gått, men karakterane til den skuleleie 16-åringen var for dårlege.
– Det er veldig rart. Sjølv var eg aldri innom biblioteket då eg gjekk på vidaregåande skule.
På folkehøgskule i Nord-Noreg fekk han endeleg til noko. Korleis det kjennest, vil han gjerne fortelje om til elevane på Årstad.
– Her trur eg det finst mange motivasjonslause unge menneske. Eg skal prøve å tenne ein liten gneiste i dei, seier han.
Det blei ein interessant skuletime for fleire av elevane.
– Det er interessant å høyre på alt han har opplevd. Kan han så kan vi, sa ein av elevane etter foredraget.
LES OGSÅ:
SJÅ VIDEO: Tida på ungdomsskole førte til skulking og eksperimentering med hasj for Samuel Massie. Til slutt var det nok.