Hopp til innhold

Amerikanske misjonærar bortførte i Haiti

Ei gruppe med 17 amerikanske misjonærar og familiemedlemmer er bortførte av ein kriminell gjeng i Ganthier utanfor hovudstaden i Haiti, Port-au-Prince.

wHdy5dO7fbM

Stor fattigdom og vanskelege levevilkår pregar hovudstaden Port-au-Prince.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Det er fleire born blant dei som er kidnappa. Gruppa blei tatt laurdag av ein væpna gjeng som kallar seg «400 Mawozo». Dei har i fleire månader drive med tjuveri og kidnappingar langs vegen til Den dominikanske republikk.

Både amerikanske og haitiske borgarar er tatt til fange.

New York Times skriv at dei kristne misjonærane blei bortførte då dei var på veg i buss frå ein barneheim dei byggjer, til flyplassen, for å sende nokre kollegaer heim.

Ein talsperson for den amerikanske regjeringa seier at dei er klar over rapportane, men har ingen informasjon ut over det.

– Velferd og tryggleik for amerikanske borgarar i utlandet er ei av dei høgast prioriterte oppgåvene til Utanriksdepartementet, sa talspersonen.

Haiti Earthquake

Jordskjelvet rundt 50 kilometer utanfor hovudstaden Port-au-Prince 14. august gjorde stor skade.

Foto: Matias Delacroix / AP

Gjengane har kontroll

Væpna kriminelle gjengar opererer ei rekkje stader i det lutfattige landet som nyleg blei råka av eit jordskjelv og orkan. I juli blei presidenten drepen.

Gjengane kontrollerer blant anna hovudvegen sørover frå Port-au-Prince og hindrar dermed at det kan sendast hjelp over land til områda som blei råka av jordskjelvet.

600 kidnappingar

Det er registrert meir enn 600 kidnappingar i 2021, fram til utgangen av september. Tilsvarande tal i fjor var 231, ifølgje Centre for Analysis and Research in Human Rights i Port-au-Prince.

Gjengane krev frå tusenvis av dollar til millionbeløp i løysepengar.

Dei aller fleste kvinnene som blir kidnappa av kriminelle gjengar blir utsette for seksuelle overgrep, ifølgje menneskerettsgrupper som har fordømt det dei meiner er passivitet frå politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt