Hopp til innhold

Alle berga då helikopter naudlanda i Nordsjøen

Eit britisk Super Puma-helikopter med oljearbeidarar om bord måtte naudlande i Nordsjøen, 48 kilometer aust for Aberdeen i dag. Alle 14 om bord vart berga.

Video Alle berga då helikopter naudlanda i Nordsjøen

VIDEO: Alle berga då helikopter naudlanda i Nordsjøen

Helikopteret var på veg frå Aberdeen til to oljeplattformer i britisk sektor då det fekk problem og måtte naudlande på havet. Helikopteret heldt seg flytande, og alle 14 kom seg om bord i helikopteret sin redningsflåte.

– Ni av dei som var om bord vart heiste opp i eit redningshelikopter, medan dei andre vart teken om bord i ein livbåt. Ingen vart skadd, seier ein talsmann for Den britiske kystvakta

Ein talsmann for selskapet som driftar helikopteret, Bond Offshore, seier at naudlandinga var kontrollert, og at det ikkje var snakk om ein krasj.

– Ein lampe som indikerte lågt oljetrykk byrja å lyse, og helikopteret gjorde ei kontrollert naudlanding, seier talsmannen.

Det har vore fleire ulukker med helikopter i britisk sektor av Nordsjøen dei siste åra. 1. april 2009 omkom 16 menneske då eit Super Puma-helikopter styrta i havet på veg frå Miller-plattforma i til Aberdeen.

Dei to plattformene helikopteret var på veg til i dag, Maersk Resilient og ENSCO 102, blir begge opererte av det amerikanske oljeselskapet ConocoPhillips.

LES OGSÅ: Setter Nordsjø-helikoptre på bakken

LES OGSÅ: Setter helikoptrene på bakken

LES OGSÅ: Skulle vært med ulykkeshelikopteret

SISTE NYTT

Siste nytt