Hopp til innhold

«Piraja»-skodespelar knivstukken av «Piraja»-gjeng

Artem Tkatsjuk spelte barnegangster i den prislønte filmen «Piraja», som handlar om barnemafiaen i Napoli. Sist helg vart han knivstukken av ein ung mafiagjeng i byen.

Artem Tkatsjuk (t.v.) og ein medspelar i filmen Piraja.

Artem Tkatsjuk (t.v.), her saman med ein medspelar frå filmen under Filmfestivalen i Berlin tidlegare i år, vart knivstukken av ein gjeng unge mafiamedlemer i Napoli sist helg.

Foto: John Macdougall / AFP

Artem Tkatsjuk (18) var ute på byen i Napoli saman med ein kamerat då dei vart angripne av ein såkalla babygjeng eller «Piraja»-gjeng, som i hovudsak består av gutar i dei tidlege tenåra.

Tkatsjuk var knivstukken i magen, medan kameraten vart banka opp. Ingen av dei fekk livstruande skadar, melder fleire italienske nyheitsmedium.

Politiet i Napoli meiner at den ukrainske skodespelaren vart angripen på grunn av rolla si i filmen «Piraja» (La Paranza dei Bambini), som tidlegare i år vann ein Sølvbjørn for beste manus ved Den internasjonale filmfestivalen I Berlin. Filmen er regissert av Claudio Giovannesi.

Lever med politivakt

Roberto Saviano.

Roberto Saviano, her på Filmfestivalen i Berlin i februar har levd med politivakthald 24 timar i døgnet sidan 2006.

Foto: John Macdougall / AFP

Filmen er basert på ein roman av Roberto Saviano, forfattaren og journalisten som vart internasjonalt kjent for romanen og filmen «Gomorra» frå 2006. Her skildrar Saviano korleis den napolitanske mafiaen La Camorra terroriserer innbyggjarane i den fattige søritalienske storbyen.

Resultatet var at Saviano kom på Camorra-mafiaen si dødsliste, slik at han sidan har levd med politivakt 24 timar i døgnet.

Filmen «Piraja» er basert på romanen med same namn, som kom i 2016. Her skildrar den drapstrua forfattaren korleis dei unge gjengmedlemene blir stadig mektigare i Camorraen.

Italiensk fenomen på norsk

– Storbritannia det mest korrupte landet i verda

– Ingen skal seie at eg hjelper mafiaen

Nye grupper

Dei siste åra har politiet fengsla fleire hundre Camorra-leiarar i og rundt Napoli. Andre leiarar er drepne av rivaliserande bandar internt i organisasjonen. Dette har svekt mange av dei tradisjonelt mektigaste grupperingane i Camorraen, og det har gitt grobotn for nye grupper.

Mange av desse består av tenåringar og unge vaksne.

Gjengane har fått namnet fisketypen piraja av dei etablerte og eldre medlemene i Camorra. Piraja er ein aggressiv fisketype med svært skarpe tenner, som er kjent for å angripe alt rundt seg i vatnet. Fisken er i hovudsak å finne i Sør-Amerika.

Narkotika og utpressing

Dette er gutegjengar der mange av dei er under den kriminelle lågalderen på 14 år. Dei er minst like valdelege som dei tradisjonelle mafiagjengane, og næringsgrunnlaget er det same. I hovudsak narkotikahandel og utpressing.

Italienske statistikkstyresmakter seier at minst 6,5 prosent av alle ungdomar i Napoli er med i Piraja-gjengane. Dette har fått det høgreorienterte regjeringspartiet Ligaen til å foreslå å senke den kriminelle lågalderen frå 14 til 12 år.

SISTE NYTT

Siste nytt