Hopp til innhold

– Storbritannia det mest korrupte landet i verda

Den italienske mafiaeksperten Roberto Saviano meiner Storbritannia er det mest korrupte landet i verda. Transparency International seier landet er eitt av dei verste når det gjeld kvitvasking av pengar.

Roberto Saviano.

Roberto Saviano meiner den britiske finanssektoren medverkar til kvitvasking av enorme summar frå kriminell verksemd.

Foto: Luca Bruno / Ap

Roberto Saviano vart verdskjend då han avslørte korleis den napolitanske mafiaorganisasjonen Camorra terroriserer innbyggjarane i områda dei opererer i. Camorra svarte med ein dødsdom.

Sidan har han levd med politivakter rundt seg 24 timar i døgnet, men han er meir aktiv enn nokon gong i kampen mot organisert kriminalitet og dei økonomiske strukturane som held mafiagrupperingane gåande.

– Korrupt finansmarknad

Det var under Hay-festivalen i Wales tidlegare denne veka at Roberto Saviano peika ut Storbritannia som det mest korrupte landet.

– Om eg spør dykk kva land som er det mest korrupte, vil de truleg svare Afghanistan, kanskje Hellas, Nigeria eller det sørlege Italia. Eg seier at det er Storbritannia. Det er ikkje byråkratiet, det er ikkje politiet, det er ikkje politikarane, men det er finansmarknaden som er korrupt, sa Saviano.

Han sa også at kanaløya Jersey og Cayman-øyane i Karibia er innfallsporten for kriminelle pengar til Europa, og at Storbritannia er landet som let det skje. Enorme summar som kjem frå kriminalitet, blir kvitvaska via den britiske finansmarknaden.

Saviano sa også at Storbritannia spelar ei nøkkelrolle i den internasjonale handelen med narkotika.

– Mexico er hjartet i denne trafikken, men London er hjernen, la han til.

Italiensk fenomen på norsk

Ingen profet i eget mafialand

– Strategisk trussel

Det britiske National Crime Agency (NCA) la tidlegare i vår fram ei vurdering der det heiter at fleire hundre milliardar amerikanske dollar, pengar tente på kriminell aktivitet, framleis blir kvitvaska gjennom britiske bankar og deira dotterselskap.

– Omfanget av kvitvaskinga, trass i at Storbritannia har ei leiande rolle i arbeidet for eit internasjonalt regelverk mot kvitvasking, er ein strategisk trussel mot den britiske økonomien og landet sitt omdømme, heiter det i vurderinga frå NCA.

Roberto Saviano viser blant anna til at den største banken i Storbritannia, HSBC, betalte 1,9 milliardar dollar, rundt 16 milliardar norske kroner, i eit forlik med amerikanske styresmakter, for at meksikanske narkotikasmuglarar brukte banken.

– Dette er den største banken i landet, men saka er nesten ikkje nemnt i britiske nyheitsmedium. Britar ser ikkje på dette som eit problem, fordi det ikkje ligg lik igjen i gatene, sa han blant anna.

Cameron: Fantastisk korrupte land

Skatteparadisenes gode medhjelpere

Krever at Cameron trekker seg etter Panama-avsløringer

Eigedom og luksusvarer

Leiaren for Transparency International si avdeling i Storbritannia, Rachel Davies, seier til The Independent at landet er blant dei leiande finanssentera i verda for kvitvasking av pengar tenke på kriminalitet, anten pengane går gjennom eigedomsmarknaden, luksusvarer eller andre sektorar.

Rachel Davies opplyser at i fjor viste seg det at 36.342 eigedomar i London var eigde av selskap i skatteparadis, der det var umogleg eller svært vanskeleg å spore kvar pengane eigentleg kom frå. 9,3 prosent av eigedomane i bydelen Westminster var eigde av slike selskap.

SISTE NYTT

Siste nytt