Hopp til innhold

"Norske" Michele vil kaste Obama ut av Det kvite hus

Norskætta Michele Amble Bachmann er med i det som ser ut til å bli ein knallhard kamp om å bli Det republikanske partiet sin kandidat ved presidentvalet i USA i 2012.

Michele Marie Amble Bachmann

Norskætta Michele Bachmann siglar i medvind etter at ho lanserte seg som presidentkandidat.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Eitt av dei sterkaste korta til Minnesota-politikaren er evna hennar til å gå rett i strupen på president Barack Obama. Sist måndag hausta ho stor jubel under ein debatt der fleire republikanske presidentkandidatar var med, då ho proklamerte følgjande:

Michele Marie Amble Bachmann

Michele Marie Amble Bachmann er flink på fjernsyn og skarp i debattar.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

«Obama is a one term president!» (Obama er ein einperiode-president). Barack Obama skal ikkje attveljast i 2012, og det skal ho sørgje for

Vil stanse helsereform

Michele Bachmann stal showet under debatten i New Hapshire sist måndag, som gjekk direkte på CNN, då ho proklamerte at ho er kandidat til å bli partiet sin presidentkandidat, På spørsmål om kvifor, svarte ho kort at det er fordi det er den rette tingen å gjere.

Nyleg kom ho også på på Times si liste over dei 100 mektigaste i USA .

Minnesota-politikaren har også gjort det klart at ho ikkje vil kvile før ho har stansa heile den nye helsereforma til Barack Obama.

Michelle Amble Bachmann har teke amerikansk politikk med storm gjennom den sterkt konservative Tea Party-rørsla. Fleire kjennarar av amerikansk politikk meiner at ho har større sjanse til å bli kandidat enn Sarah Palin, som hittil har vore langt meir fokusert i media enn Bachmann.

Hallvard Notaker, forskar Forum for samtidshistorie.

Hallvard Notaker er forskar knytt til Forum for samtidshistorie ved Universitetet i Oslo.

Men no tyder mykje på at den hardtslåande 55-åringen med anar frå Sogn er på offensiven i kampen mot Sarah Palin.

- Snakkar i store bokstavar

Forskar og USA-ekspert Hallvard Notaker sa i eit intervju med NRK.no i januar i år at han hadde lita tru på at Bachmann vile bli nominert , og det står han framleis på. Men han er imponert over måten ho har stått fram den siste tida.

Han meiner at det som skil henne frå Sarah Palin, er at den norskætta juristen har ein sjanse til å framstå som meir kompetent. I debatten i New Hapshire sist måndag var ho stødig i omtalen sin av politiske saker, seier han.

- Ho snakkar i store bokstavar og er ikkje redd for å ta i, og ho har ei viss utstråling, særleg samanlikna med konkurrentane, seier Notaker.

Sarah Palin (t.v.) og Michele Amble Bachmann

Sarah Palin (t.v.) og Michele Bachmann står ikkje langt frå kvarandre politisk.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Men han minner også om at når ein politikar ikkje legg vekt på nyansane i politikken, blir det vanskelegare å spele ei rolle i utforminga av politiske vedtak, som alltid vil ha preg av kompromiss.

Står langt til høgre

Har Michele Bachmann ein reell sjanse til å bli president i USA?

- Skulle ho bli nominert, vil ho stå overfor ei kjempeutfordring i kampen om dei moderate veljarane i sentrum. Ho står langt til høgre. det er også ei av dei viktigaste årsakene til at mange republikanarar er skeptiske til hennar kandidatur, seier Notaker.

Han meiner ho har breiast støtte blant veljarar med sans for Tea Party-rørsla, og som er opptekne av moralske og religiøse spørsmål. Skepsisen mot henne er truleg størst i det republikanske establishmentet og på Wall Street.

- Dei er opptekne av å finne ein kandidat med ein relativt moderat profil, seier Hallvard Notaker.

- Kvar går skiljelinene i Det republikanske partiet?

Det blir rekna med at det er tre hoveudgrupper i det republikanske partiet. Det er dei som er opptekne av utanrikspolitikk, så er det dei som er opptekne av låge skattar og kutt i offentlege utgifter, og så er det gruppa som er opptekne av moralske spørsmål i eit kristenkonservativt perspektiv, svarar USA-eksperten.

LES OGSÅ: Kandidatene begynner å markere seg

LES OGSÅ: Her står de viktigste slagene

Økonomi er viktig

Han legg til at skiljet sjølvsagt er flytande, og at Tea Party-rørsla nok har vore med på å gi økonomi auka betydning.

Mitt Romney under en liten pause i talen der han kunngjør at han trekker seg.

Mitt Romney er førebels favoritt til å bli Det republikanske partiet sin kandidat.

Foto: Evan Vucci / AP

- Limet som held fløyene saman, er patriotisme og trua på at USA er eit unntak i verdshistoria, legg han til.

Hallvard Notaker held Mitt Romney som den sterkaste av kandidatane som hittil har meldt seg på i kampen om å bli partiet sin presidentkandidat. Han har evne til å famne realativt breidt, seier han, og han vil også ha gode sjansar til å samle inn mykje pengar.

- Samstundes er det klart at mange republikanarar svært gjerne vil sleppe Romney, så det opnar for ein kandidat som rett og slett ikkje er Romney. Det kan bli den preglause Tim Pawlenty, eller det kan vere ein som ikkje har meldt seg enno. Ein del trur på tidlegare Utah-guvernør John Huntsman, men han har ein del sentrumsnære standpunkt å forklare, seier Notaker.

LES OGSÅ: Tea Party-damene som truer Obama

- Ytterleggåande og udisiplinerte

- Kven er heilt utan sjanse av dei som har meldt seg som kandidatar?

Newt Gingrich

Newt Gingrich er ein av kandidatane, men er ikkje blant favorittane.

Foto: Mark Hirsch / Afp

- Eg ville ikkje ha sett pengar på Rick Santorum, Ron Paul, Herman Cain eller Newt Gingrich. Dei er anten for ytterleggåande, for udisiplinerte eller begge delar.

- Kven kan ha ein sjanse, men som enno ikkje har lansert sine kandidatur?

- Av dei som ikkje har sagt sikkert korkje ja eller nei, er det nok guvernøren i Texas, Rick Perry, som har størst sjanse. Men det ligg ikkje noko gullbillett og ventar på han heller, seier Hallvard Notaker.

SISTE NYTT

Siste nytt