Hopp til innhold

Norskætta "Tea Party"-dronning vil utfordre Obama i 2012

Norsætta Michele Marie Amble Bachmann, ei ivrig talskvinne for Tea Party-rørsla i den amerikanske Kongressen, vil kaste Barack Obama ut av Det kvite hus ved presidentvalet i 2012.

Michele Marie Amble Bachmann

Michele Marie Amble Bachmann har ambisjonar om å kaste Barack Obama frå Det kvite hus.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Fembornsmora frå Minnesota har blitt ein av dei fremste eksponentane for høgrebølgja av sinne og frustrasjon som først og fremst har retta seg mot Barack Obama og avtroppande fleirtalsleiar i Kongressen, Nancy Pelosi.

Michele Marie Amble Bachmann

Michele Marie Amble Bachmann, norskætta politikar på den amerikanske høgresida.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

- Det dette landet treng er ein modig, sterk og grunnlovstru konservativ politikar, seier Bachmann i eit intervju med avisa Minnesota Post .

LES OGSÅ: Tea Party-damene som truer Obama

LES OGSÅ: 12 menn og 1 dame i 2012?

- Sannsynleg kandidat

Ho seier at hennar viktigaste fokus i tida som kjem er å fjerne Barack Obama frå makta ved valet i 2012. Ho vil ikkje sjølv direkte stadfeste at ho kjem til å lansere seg som kandidat, men fleire nære medarbeidarar seier til avisa at det er svært sannsynleg at ho vil stille.

- Vi kjem nok fram til ein eigna kandidat. Det viktigaste er at vi ikkje har råd til ein ny periode med Barack Obama, seier ho i intervjuet.

Fembarnsmora Michele Marie Amble Bachmann vart vald inn i Den amerikanske kongressen i 2007 som den første kvinnelege republikanar i Representanthuset frå Minnesota. Ho vart attvald ved valet i fjor haust, og startar i desse dagar sin andre periode.

Ho er knallhard i kritikken av Obamas forslag til helsereform, ho gir uttrykk av kor lei ho er av offentlege inngrep i folk sitt privatliv og legg ikkje skjul på sin sterke motstand mot abort, homofile ekteskap og homofile i militæret.

LES OGSÅ: 12 menn og 1 dame i 2012?

LES OGSÅ: Siste Kennedy ute av Washington

- Engelsk fotball

Hallvard Notaker, forskar Forum for samtidshistorie.

USA-ekspert Hallvard Notaker trur ikkje Michele Bachmann har nokon sjanse til å blir nominert til presidentkandidat.

USA-ekspert Hallvard Notaker ved Universitetet i Oslo har inga tru på at den norskætta politikaren har nokon sjanse til å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat i 2012.

Han minner om at Tea Party-rørsla ikkje utgjer noko einskapleg fleirtal blant republikanarane, og at ein kandidat frå denne gruppa ikkje vil famne breitt nok til å bli ein samlande figur for partiet.

Notaker trur det blir mange slike spekulasjonar fram mot nominasjonsprosessen i partiet, og han samanliknar dei mange lanseringane av aktuelle kandidatar med overgangsrykte i engelsk fotball.

LES OGSÅ: Vil stanse Obamas helsereform

LES OGSÅ: Boehner i strupen på Obamas planer

Viktig politikar

Han er likevel ikkje i tvil om at Michele Bachmann er ein viktig politikar for Tea Party-rørsla. Ho er eit ynda intervjuobjekt i ulike medium, blant anna i konservative Fox News.

Men i det daglege arbeidet i Kongressen trur ikkje Notaker at Tea Party-politikarane vil få gjennomført særleg av politikken sin. Dei vil ikkje få sine kandidatar inn i viktige verv i Kongressen, slik som komiteleiarar.

- Dei er sterke i mediene, men ikkje internt i Kongressen. Styrken deira ligg først og fremst i det dei greidde å oppnå i nominasjonsprosessen før valet sist haust, seier Hallvard Notaker.

Tea Party-rørsla har markert seg ved stadig å vise til grunnlova. Dei ynskjer at alle lovforslag må ha ei referanse til grunnlova, slik at dei på denne måten kan vise at staten i dag grip inn i område som grunnlova overlet til delstatane eller til private.

LES OGSÅ: Boehner i strupen på Obamas planer

Tolking av grunnlova

Notaker trur dette kjem til å bli vanskeleg, ikkje minst fordi det er sterk usemje om kva som eigentleg står i grunnlova. Grunnlova må tolkast, og det er derfor valet av høgsterettsdommarar er ei så viktig politisk sak i USA, seier han.

USA-eksperten trur Tea party-politikarane vil bli innhenta av den politiske kvardagen i Kongressen. Fleirtalet i Det republikanske partiet er meir pragmatiske, og det er gjennom kompromiss at praktisk politikk blir skapt, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt