Hopp til innhold

«Irma»: 26 sjukehus og 300 sjukeheimar evakuerte

OSLO/MIAMI (NRK): Orkanen «Irma» har i kveld norsk tid gått laust på fastlandet i Florida med diabolske krefter. Det er venta ein auka vasstand på 5–6 meter i byane Naples og Fort Myers i løpet av kvelden. 2,1 millionar menneske er utan straum.

USA-korrespondent Anders Magnus med siste nytt fra Miami.

VIDEO: Anders Magnus rapporterer frå Florida.

Florida-guvernør Rick Scott kallar situasjonen i delsteaten for livstruande, og han oppmodar alle innstendig om å følgje ordrane frå styresmaktene om evakuering. Borgarmeisteren i Tampa har erklært portforbod i byen frå og med kl. 18 i dag lokal tid.

Det norske paret Marius Karlsen og Mina Gullord Engebråten, begge 22 år gamle, kjenner seg trygge i sjuande etasje i ei solid bustadblokk i Fort Myers.

Paret blei kasta ut av hotellet dei budde på i Fort Lauderdale då området vart evakuert. No har dei fått seg husrom hos ei amerikansk kvinne som har erfaring frå tidlegare orkanar.

– Alt i dette huset er orkansikkert. Vindauga er sikra, og vi burde vere trygge for stormfloa sidan vi er så høgt oppe, seier Marius Karlsen Sæthren.

Dei har det bra, seier han, og ventar eigentleg berre på at orkanen skal kome, slik at dei kan bli ferdige med det og kome seg heim.

Marius Karlsen Sæthren og Mina Gullord Engebråten.

TRYGGE: Marius Karlsen Sæthren og Mina Gullord Engebråten kjenner seg trygge i sjuande etasje i ei bustadblokk i byen Fort Myers i Florida.

Foto: Privat

Er i ei evakueringssone

Han fortel at dei førebels har straum, men at lysa har byrja å blinke. Dei har fylgt TV-sendingane om orkanen trett, men det er realistisk at dei kan miste TV-signala. Det er ingen å sjå ute i gatene, seier han, men i dag tidleg var det ei kvinne som var ute og lufta hunden sin.

Blokka dei har fått husrom i ligg eigentleg i evakueringssona, men det var vanskeleg å kome seg lenger nord. Alle hotella var fulle, så det norske paret måtte finne seg ein stad å bu i Fort Myers.

Orkanen slo innover Florida Keys, øyane like sør for fastlandet i Florida, i ettermiddag norsk tid. Vinden raste vidare nordover med ei fart på rundt 60 meter i sekundet, rundt 215 kilometer i timen.

ORKANENS ØYE: Denne applikasjonen viser luftstrømmene basert på gjeldende værvarsler, og oppdateres hver tredje time. Kjelde: EarthWindMap.

To millionar utan straum

Det nasjonale orkansenteret i USA opplyserved 20.30-tida at «Irma» er nedjustert til kategori 3, men at det framleis er snakk om ein svært kraftig orkan.

Orkanen Irma herjar i Florida.

Naturkreftene herjar i Florida. Her frå Pembroke Pines.

Foto: Michele Eve Sandberg / AFP
Frå eit evakueringssenter i Key West.

God stemning på eit evakueringssenter i Key West sør for fastlandet i Florida.

Foto: Social Media / Reuters

Over to millionar menneske er utan straum i Florida, og det kan ta tid før dei får straumen tilbake.

USAs nasjonale orkansenter, som har base i Miami, opplyste tidlegare i dag at «Mira» har auka i styrke på grunn av den uvanleg høge sjøtemperaturen. Vatnet held ein temperatur på 32 grader.

TIl saman 6,5 millionar menneske er bedne om å evakuere, men det er uklart kor mange som har fylgt oppmodinga. Som vanleg under slike katastrofar har mange vegra seg for å evakuere, dei vil ta heller vere heime og halde auge med både hus, båtar og andre eigedelar.

Desse har fått klar beskjed om at dei ikkje kan rekne med hjelp

Vatnet stig også i Miami.

Vasstanden er i ferd med å stige også i Miami, som ikkje ser ut til å bli like hardt ramma som Naples og Fort Myers.

Foto: Carlos Barria / Reuters

Tre omkom i Florida

Det amerikanske forsvaret har evakuert Sentralkommandoen som held til i Tampa. Også Kennedy Space Center er stengt, til liks med Disney World i Orlando og Sea Word.

29 sjukehus og 300 sjukeheimar er også evakuerte.

Tre menneske har mist livet i trafikkulukker under uveret i Florida, blant dei ei politikvinne. Til saman 25 menneske er meldt omkomne som følgje av «Irma» på dei karibiske øyane som har vore ramma.

Det var harde tak på Cuba i natt og tidlegare i dag, men orkanen har ikkje teke liv der. Cuba har gode rutinar på handtering av tropiske orkanar, og 1,5 millionar menneske vart evakuerte til trygge område.

Orkanen Irma søndag kveld norsk tid.

Orkanen «Irma» ved 21-tida søndag kveld norsk tid. Kjelde: WunderMap.

Foto: Skjermdump frå Wundermap

SISTE NYTT

Siste nytt