Hopp til innhold

«Irma» nådde Cuba med full styrke i natt

Orkanen «Irma» trefte i natt Cuba med full styrke etter å ha rasert fleire karibiske øyar på vegen. No er den dødelege orkanen så smått blitt svekka igjen, med eit nivå på 4 av 5.

STORM-IRMA/CUBA

Orkanen trefte Cuba i går med full orkanstyrke. No er den så smått blitt svekka.

Foto: Alexandre Meneghini / Reuters

I natt kom beskjeden om at «Irma» hadde styrka seg igjen det siste døgnet, og gått frå å vere nedgradert til 4 på orkanskalaen til å verte ein kategori-5 igjen.

Seint fredag trefte orkanen byen Camaguey og regionen rundt med regn og kraftig vind. Orkanen hadde sitt sentrum om lag 190 kilometer aust-søraust for den kubanske fiskelandsbyen Caibarien.

Det er førebels ikkje kome inn meldingar om skader.

TOPSHOT-CUBA-HURRICANE-IRMA-PREPARATIONS

Mange evakuerte heimane sine på Cuba fredag kveld.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

50 000 turistar har reist frå Cuba

Det er første gong på fleire tiår at ein orkan i kategori 5 har treft Cuba, skriv BBC. Klokka 03 i natt lokal tid var vindstyrken på kring 257 kilometer i timen, ifølgje National Hurricane Center (NHC).

No kjem det rapportar om at «Irma» igjen er nede på kategori 4, den nest høgste på skalaen.

BBC sin reporter på Cuba rapporterer om at har fleire mista straumen, og at det vert stadig vanskelegare å halde kontakt med dei meir avsidesliggande områda etter kvart som orkanen herjar. Han seier til BBC at om lag 50 000 turistar har reist frå Cuba.

APTOPIX Cuba Hurricane Irma

Innbyggjarar på Cuba barrikaderer heimen sin før orkanen kjem.

Foto: Desmond Boylan / AP

Orkanen vart i går nedgradert til kategori 4 på orkanskalaen, men auka til 5 igjen i natt etter å ha passert varmt vatn i havområdet mellom Bahamas og Cuba. No melder NHC at «Irma» er nede på nivå 4 igjen.

Søndag morgon landar den truleg på sørspissen av Florida, men det er enno uvisst om den vil gå vidare nordover langs vest- eller austkysten.

– Denne orkanen vil drepe deg

STORM-IRMA/CUBA

Ei kvinne tek med seg eigedelane sine og evakuerer før «Irma» kjem.

Foto: ALEXANDRE MENEGHINI / Reuters

I Florida er 5,6 millionar menneske blitt oppmoda til å evakuere før orkanen kjem i løpet av søndag morgon. Ifølgje det nasjonale orkansenteret har åtvara folk mot å senke skuldrene berre fordi det kan sjå ut til at orkanen beveger seg vekk frå kysten idet den nærmar seg.

– Denne orkanen vil drepe deg om du ikkje kjem deg ut av vegen for den, sa talsmannen for NHC, Dennis Feltgen.

Også guvernør Rick Scott trygla folk om å ikkje ignorere åtvaringane. Han sa at alle kjem til å merke orkanen, og la til at orkanen er enormt stor, breiare enn heile delstaten.

STORM-IRMA

Det er venta at orkanen vil treffe Florida søndag morgon.

Foto: NASA / Reuters

Minst 22 omkomne

Irma har allereie sett fleire rekordar i si dødelege ferd frå Atlanterhavet og inn over øyane i Karibia. Fleire mindre øyar er raserte, og til saman er minst 22 menneske omkomne melder nyheitsbyrået Ap. Men det er frykta at dødstalet kjem til å stige.

Samtidig er to nye orkanar på gong. I Mexicogolfen har «Katia» treft lang ved austkysten til Mexico, og orkanen «Jose» er blitt ein svært farleg orkan i kategori 4 ute i Atlanterhavet.

SISTE NYTT

Siste nytt