– USA er langt meir aggressive enn Russland

Under sin årlege pressekonferanse langa Vladimir Putin ut mot Nato, og særskild USA. Han meiner Vesten behandlar andre land som sine tenarar. Han forsikra også om at Russlands økonomiske krise vil vere over om to år, og at rubelen snart vil styrkast att.

RUSSIA-PUTIN-CONFERENCE

– Russlands økonomi vil betre seg i løpet av to år, sa Vladimir Putin til dei frammøtte journalistane under hans årlege pressekonferanse i Kreml.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / Afp

Ei gong i året stiller Russlands president opp til pressekonferanse der både russiske og utanlandske journalistar kan kome med direkte spørsmål. I år var det den svake rubelen og situasjonen i Ukraina som var gjennomgåande tema for pressekonferansen.

– USA har militære over heile verda

Men president Vladimir Putin nytta også høvet til å lange ut mot Vesten, og særskild forsvarsalliansen Nato og USA.

Vårt forsvarsbudsjett er på 15 milliardar dollar, medan Pentagon sitt budsjett er ti gonger større.

Vladimir Putin

– Det einaste me har gjort er å forsvare våre interesser. Me angrip ingen, me grip ikkje inn i nokon andre sine område, me berre forsvarer våre eigne interesser. Me har berre to militærbasar utanfor Russland, medan USA er over heile verda, og du seier at me er aggressive, seier han til BBC sin journalist, som bad han kommentere at mange i Vesten ser på Russland som aggressive.

Putin meiner USA sin framtreden er ein trugsel for Russland.

– Vårt forsvarsbudsjett er på 15 milliardar dollar, medan Pentagon sitt budsjett er ti gonger større. Er det me som flytter våre militære grenser mot andre land, er det nokon som lyttar til oss, eller er i dialog med oss? Alt me får høyre er at me skal passe våre eigne saker. Alle land har rett til å forsvare sine eigne interesser, men kvifor har ikkje me lov til det, spurte Putin retorisk.

– Vesten behandlar alle andre som tenarar

Putin var også kritisk til Nato si aukande påverknad i Aust-Europa.

– Nato sin ekspansjon austover er som å bygge ein ny Berlinmur, sa Putin, og meinte at Russlands posisjon overfor krisa i Ukraina burde vere bevis nok for Vesten, om at det ikkje er noko behov for å bygge ein slik mur.

Vestlege land har innført fleire økonomiske sanksjonar overfor Russland på grunn av konflikten i Ukraina, og særskild annekteringa av Krim-halvøya, men Vladimir Putin gjekk ikkje med på at det er dette som no er årsaka til landets økonomiske utfordringar.

Presidenten meiner Vesten oppfører seg som ei stormakt, som behandlar andre land som sine tenarar.

– Våre vestlege partnarar har ikkje stoppa. Dei har bestemt seg for at dei er vinnarane, dei er eit imperium no, og resten er stilte inn i eit hjørne og er tenarane deira, sa Putin

(Saka held fram under innslaget)

Putin om økonomisk krise

Reportasje frå nyheitssendinga klokka 12, 18. desember.

RUSSIA-CRISIS/ROUBLE A board showing currency exchange rates is on display in Vladivostok

Verdien på den russiske rubelen har stupt den siste tida, og Russland har brukt mange milliardar kroner på å prøve å styrke sin eigen valuta.

Foto: YURI MALTSEV / Reuters

– Økonomien vil betre seg innan to år

Putin starta heile pressekonferansen med å ramse opp positive sider ved den russiske økonomien. Ein vekst på rundt 0,7 prosent, berre fem prosent arbeidsløyse og god vekst i landbruket vart heva fram.

Men presidenten var godt førebudd på at det skulle bli snakka om meir negativ ting også. For den russiske rubelen sin verdi har stupt dei siste vekene, og presidenten var klar på at landets sentralbank og regjering gjorde akkurat det som trengst gjerast for å snu den dårlege trenden, men problema vil ikkje vere over med det første, sa Putin.

– Russlands økonomi vil betre seg att innan to år. Under dei mest ufordelaktige økonomiske tilhøva i verdsøkonomien, så kan denne situasjonen vare i to år, men det kan også betre seg tidlegare, sa Putin, og sa at rubelen og russisk økonomi kan oppleve framgang allereie i 2015.

– Utanlandske faktorar har skulda

Presidenten ville ikkje kalle den økonomiske situasjonen for ei krise, og meinte også at mykje av skulda for den svake rubelen må leggjast på faktorar utanfor Russland.

– Utanlandske økonomiske faktorer påverkar våre investeringar. Eg tenkjer då på oljeprisen, som også påverkar gassprisane. I denne situasjonen må me halde fokus på å hjelpe dei folka som treng det. Først og fremst tenker eg på pensjon, løn og liknande. Me må justere planane våre, og sjølvsagt må me redusere satsinga på noko, sa presidenten, utan å seie kor kutta skal takast.

Russlands sentralbank sette i går opp styringsrenta frå 10,5 prosent til 17 prosent, i eit nytt forsøk på å stoppe den dårlege utviklinga. Putin slo fast at sentralbanken er nøydd til å halde fram med å ta harde grep, men at renta ikkje kjem til å bli verande på eit så høgt nivå så lenge krisa går føre seg.

Russland har nyleg nytta 380 milliardar kroner på arrangere vinter-OL i Sotsji – tidenes dyraste vinter-OL. No står landet framfor eit nytt stort idrettsarrangement, nemleg fotball-VM i 2018. Men trass den økonomiske situasjonen i landet, så sa Putin under pressekonferansen at han ikkje vil spare på pengane i forkant av VM.

Kritiserer Vesten

Høyr Moskva-korrespondent, Morten Jentoft, om Vladimir Putins utsegner.

SISTE NYTT

Siste nytt