NRK Meny
Normal

Sette Krim på kartet

Det hadde skjedd endringar på kartet av Russland som hang bak president Vladimir Putin sidan sist han haldt sin årlege pressekonferanse. Den omstridde Krim-halvøya og konflikten i Aust-Ukraina var sentrale tema då journalistar spurte ut Putin.

RUSSIA-CRISIS/PUTIN-UKRAINE Russian President Putin attends his annual end-of-year news conference in Moscow

Russland sitt kart har endra seg sidan førre årlege pressekonferanse med Vladimir Putin, i alle fall meiner Russland det sjølv. Krim-halvøya (merkja av i biletet) er grunnlaget for mange av Russland sine problem.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

Vladimir Putin gjekk hardt ut mot Vesten under dagens pressekonferanse i Kreml. Sentrale tema var rubelens fall og Natos ekspansjon. Men også konflikten i nabolandet Ukraina, der Russland er skulda for å hjelpe opprørarane, var eit naturleg tema under årets oppsummerande pressekonferanse.

– Kiev har skulda

Og illustrerande nok hang det eit stort Russlandskart bak Vladimir Putin, der også Krim-halvøya hadde fått bli med på det russiske kartet.

Putin var klar på at situasjonen i nabolandet er prega av lovløyse, men at det også er styresmaktene i Kiev som har skulda for at situasjonen har oppstått.

KYRGYZSTAN-RUSSIA-PUTIN-CONFERENCE

Mange følgde pressekonferansen på TV, også i utlandet. Her ei kvinne i Kirgisistans hovudstad, Bishkek.

Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / Afp

– La meg forklare problemet, og korleis me kan finne ein veg ut av krisa. Etter statskuppet i Kiev – uansett kva du kallar det, så var det eit statskupp – så byrja dei nye styresmaktene å bruke makt for å få vilja si i Aust-Ukraina. Når ikkje det fungerte sende dei hæren, og når heller ikkje det fungerte byrja dei å bruke økonomiske påverknadar.

– Ingen soldatar får pengar frå Russland

Putin meiner Kievs økonomiske blokade av det austlege regionane er skadelege. Han la vekt på at løysinga i Aust-Ukraina berre kan nåast gjennom politiske verkemiddel, og ikkje ved militære grep eller økonomiske sanksjonar.

– Styresmaktene i Ukraina må respektere alle sine regionar om dei ønskjer å oppnå fred, sa han, og understreka at Russland ikkje er blanda inn i konflikten i nabolandet.

På skuldingar om at Russland har soldatar i Ukraina, svarte Putin at folk, som med eiga vilje vil ta del i ein militær aksjon i Aust-Ukraina, er leigesoldatar, og at dei ikkje får betalt av Russland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt