– Taliban har valt ny leiar

Mulla Omars etterfølger er valt. mulla Akhtar Mansour er Talibans nye leiar. Samstundes er fredssamtalane mellom Taliban og Afghanistan no utsett.

Mulla Omar

Mulla Omar var leiar i Taliban i mange år, men det er få som har møtt han, og det finnes knapt bilete av mannen. No hevdar Afghanistan at han døde for to år sidan. No skal Taliban ha vald ny leiar.

Mansour skal ha blitt utnemnt til leiar på eit møte i Pakistan i dag. Alle som var til stades var samrøystes, seier ein av deltakarane på møtet.

Samstundes stadfestar to toppsjefar i Taliban til nyheitsbyrået AP at mulla Omar er død, slik afghanske styresmakter hevda i går. Taliban nekta i går for at det var tilfelle.

Afghansk etterretning meinte at mulla Omar, Talibans suverene leiar, hadde vore død i to år, og at han døde av sjukdom på eit sjukehus.

Ekspertar meiner det vil vere vanskeleg å halde Taliban samla om Omar faktisk er død. Og om Taliban splittast opp, så kan dette også forkludre dei pågåande fredssamtalane mellom Taliban og Afghanistan, meiner ekspertar.

Og i dag opplyser det pakistanske utanriksdepartementet at møta som var planlagd på fredag no er utsett. Det skal vere afghanske styresmakter som har bedt om å utsette samtalane.

Taliban er delt opp i tre store hovudfraksjonar, og fleire meiner det no vil bli utfordrande å halde fraksjonane samla utan den samlande leiaren mulla Omar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt