– Stor fare for eit splitta Taliban utan mulla Omar

Om det stemmer at Talibans leiar mulla Omar er død, slik afghanske etterretning påstår, så er det fare for full splid i islamistrørsla, meiner afghanistanekspert Kristian Berg Harpviken.

Mulla Omar

Han har ikkje vist seg offentleg på ti år, og det finst berre eit par bilete av mulla Omar. No meiner afghansk etterretning at den mystiske mannen kan vere død, og det kan i så fall bety total splid innanfor Talibanrørsla, trur ekspertar.

Vegard Tjørhom
Sigrid Sollund byline
Programleiar, Dagsnytt18
Rima Iraki
Nyheitsanker, Dagsrevyen

Det har i dag vore full forvirring rundt Taliban-leiar mulla Omar si skjebne. Afghansk etterretning påstår han døde av sjukdom i april 2013 på eit sjukehus i den pakistanske byen Karachi. Ein talsmann for Taliban seier derimot at påstandane er oppspinn.

Harpviken

Kristian Berg Harpviken trur det kan bli full splid i Taliban om mulla Omar er død.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Han har vore ein samlande kraft

I kveld har USA kommentert rykta og sagt at Afghanistans påstandar er truverdige.

Om Omar faktisk er død, så vil det kunne bety trøbbel for Taliban, meiner direktør ved Institutt for fredsforsking og Afghanistan-kjenner Kristian Berg Harpviken.

– Sjølv om Mullah Omar paradoksalt nok har vore nærast usynleg over ein tiårsperiode, så har tiltrua til hans eksistens og det som den symboliserer vore ein sterk samlande kraft for Taliban, seier Harpviken til NRK.

– Vert vanskeleg å finne ny leiar

Han meiner det kan bli ei utfordring å finne ein ny leiar av rørsla.

– Det er ingen openberre kandidatar der. Faren for full splid i Taliban er stor, og eg trur at det er viktig å sjå at dette skjer mot eit bakteppe av intensiverte forhandlingar mellom Taliban og Afghanistan, seier direktøren.

Harpviken seier det går an å håpe på at den neste leiaren vert litt meir fredsorientert enn det Omar har vore.

Om to dagar vil Taliban og Afghanistan starte nye rundar med fredssamtaler. Spørsmålet mange stiller seg no er om Taliban vil klare å stå samla både under og etter forhandlingsrundane.

– Uro i rekkene

Ryktet om Omars død har gått lenge, men Harpviken meiner det vesentlege som har skjedd dei siste dagane er at ryktet etter kvart har starta å få feste innanfor Taliban, kor mange har trudd at Omar framleis er i live.

Ayesha Wolasmal talte

Frilansjournalist Ayesha Wolasmal meiner Omars død vil bety stor uro i Talibans rekker.

Foto: Skjermdump / NRK

Også frilansjournalist Ayesha Wolasmal meiner det kan bli stor uro i Taliban om ryktet om Omars død viser seg å vere sant.

– Det skaper jo uro i rekkene når ein organisasjon som Taliban mister sin øvste leiar. Det skaper uro på frontlinja, det svekker moralen til fotsoldatane som kjemper for sin store leiar.

Maktkamp

Også ho trur det kan bli utfordrande å finne ein ny leiar.

– Om han har vore død i to år, så må dei ha kome fram til etterfølgaren. Og om dei ikkje veit det endå, så kan det endå lengre tid. Men det vert spekulert i ulike kandidatar som tilhøyrar Quetta Shoraen (toppleiinga i Taliban journ. anm.), seier Wolasmal, som viser til at fleire ønskjer Omars son som den neste Taliban-leiaren.

Også forskingsdirektør ved Christian Michelsens Institutt, Arne Strand, trur at Omars død kan bety full splid i Taliban.

– Taliban er ein desentralisert organisasjon med tre heilt klare avdelingar. Mulla Omar fungert som eit samlingspunkt mellom desse. Dersom det er fleire som har ambisjonar om å overta som leiar, så kan det føre til ein maktkamp i Taliban, seier Strand til NTB.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt