Hopp til innhold

– Storma presidentpalasset i Jemen

Ein sjiamuslimsk milits skal ha storma presidentpalasset i Jemens hovudstad Sana. Men gruppa sjølv seier dei berre beskytter palasset mot tjuveri.

YEMEN-CLASHES/CEASEFIRE A Houthi fighter sits in a military vehicle belonging to Houthi fighters on a street leading to the Presidential Palace during clashes in Sanaa

Ei stridsvogn frå Houthi-militsen haldt i går vakt utanfor presidentpalasset i Sana.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

APTOPIX Mideast Yemen

Medlem av Houthi-militsen hadde i går omringa presidentpalasset, og ropte sine slagord.

Foto: Hani Mohammed / Ap

Militsen skal ha teke kontroll over palasset etter ein kort periode med skotveksling mellom militsen og tryggingsvakter. Tryggingsvaktene stadfester overfor Reuters at dei har gitt opp.

Også hæren i Jemen stadfestar at gruppa har teke kontrollen over presidentpalasset. Landets informasjonsminister meiner at gruppa si mål er å kaste president Abdrabuh Mansur Hadi.

Men ein talsmann for militsen sjølve seier at dei ikkje har gått inn i palasset, men i staden for beskytter palasset mot tryggingspersonell som vil stele våpen.

– Dei (gruppas soldater) beskytter palasset mot tjuveri, seier Houthi-leiaren i eit utsegn på ei av sine nettsider.

Krev betre rettar for folk i nord

Den væpna militsen omringa palasset i går, berre timar etter at Jemens statsminister Khalid Bahah hadde klart å flykte frå eit angrep på hans bilkolonne.

Det er førebels uklart om Bahah eller presidenten fann seg i presidentpalasset då militsen i dag gjekk til offensiv mot bygget.

Militsens medlemmer, som har bakgrunn frå det nordlege Jemen, er misnøgde med styresmaktene i landet og det dei meiner er ein urettvis skilnad på nord og sør. Dei krev betre rettar for zaydi-muslimar, og har i fleire år tydd til valdelege middel i sin kamp mot regimet.

FN ber om fred

På laurdag vart stabssjefen til president Hadi kidnappa av militsen. Houthi-militsen er misnøgde med planane om å endre på grunnlova og opprette seks regionar i landet.

Militsen har i fleire tiår vore i konflikt med styresmaktene i Jemen, og no er dei rasande på desentrialiseringsplanane som dei meiner vil dele landet inn i rike og fattige regionar.

Sidan september har ein fredsavtale halde konflikten i sjakk, men i går braut altså militsen avtalen då dei gjekk til ein ny offensiv.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon ber partane om å stoppe kampane i Jemen. I eit lukka møte i FNs Tryggingsråd sa Ki-moon at han er djupt uroa over situasjonen i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt