Ein talsmann for den greske regjeringa seier til BBC at 80 prosent av kreditorane har gått med på planen som vil redusere den greske gjelda kraftig.
Gjeldsslettinga inneber at långjevarane godtek eit samla tap på nesten 75 prosent når tapte renteinntekter er rekna med.
Torsdag kveld er siste frist for private långjevarar å seie ja eller nei til avtalen.
- Les også:
- Les også:
Store mengder lån
Hellas' private gjeld på 107 milliardar euro utgjer nærmare ein tredel av landet si totale gjeld på rundt 350 milliardar euro.
Hellas håpar nedskrivinga vil bidra til å bringe vekst tilbake i økonomien igjen, men mange peikar på at ei gjeld på dryge 120 prosent av bruttonasjonalprodukt framleis er altfor høg.
- Les også:
- Les også:
Gjeldsavtalen med dei private långjevarane er blant berebjelkane i eurosonen sin nye redningspakke på 130 milliardar euro, om lag 990 milliardar kroner.
Hellas har store lån med forfall 20. mars og treng sårt både sletting av gjeld og nye lån.