NRK Meny

– Nei til å sleppe laus trafikken gjennom Nordaustpassasjen no

– Det bør ikkje tillatast skipstrafikk i Nordaustpassasjen før det er på plass eit regelverk som regulerer skipsfarten i arktiske farvatn, seier shipping-leiar Elisabeth Grieg og har støtte frå Sør-Korea og naturvernarane.

Isbryteren Rossiya fra Rosatomflot

Det er tøffe forhold i nord, men det russiske selskapet Rosatomflot meiner dei er godt førebudd på dei fleste typar ulykker. Andre derimot vil vente på at reglane er klare.

Foto: Rosatomflot

Artikkelen er flere år gammel.

Eit nytt hav opnar seg etter kvart som isen i Polhavet smeltar.

Nordaustpassasjen, langs den nordlege kysten av Russland, kan bli ei viktig rute mellom Nord-Europa og Asia.

Nordøstpassasjen

Den tegnede streken viser de nye passasjane.

Foto: Grafikk: Lene Sæter / NRK

Stor interesse

– Interessa for å bruke denne sjøruta er stor og aukande, seier Mikhail Belkin, representant for selskapet Rosatomflot i Murmansk.

Rosatomflot tilbyr isbrytarhjelp og annan service til skip i Nordaustpassasjen. Både styresmaktene og næringslivet viser stor interesse.

For Russland satsar stort på det dei kallar den nye «motorvegen» mellom Europa og Asia.

Is og skipstrafikk kan vere ein svært dårleg kombinasjon. Skulle det leke ut olje frå eit svært transportskip i islagt farvatn, vil det kunne få katastrofale følgjer for miljøet.

– Kva skjer dersom det skulle bli oljeutslepp i dette området?

– Isbrytarflåten er godt førebudd, meiner Belkin.

– Isbrytarane våre har utstyr for å samle opp olje, og folk om bord er trente til å bruke det. Men det har enno ikkje skjedd noko, og vi håpar sjølvsagt at vi slepp å bruke dette utstyret, seier Mikhail Belkin.

Vent med å bruke Nordaustpassasjen

Elisabeth Grieg er styreleiar i Grieg Star, shippingverksemda til Grieg-gruppa og tidlegare president i Norges Rederiforbund. Ho er skeptisk til skipstrafikk i Nordaustpassasjen og andre islagde farvatn før eit eige regelverk er på plass.

– Vi kan ikkje ha ulukker i dette området. Det må ha absolutt førsteprioritet, og kan vi ikkje vere heilt sikre, så synest er ikkje vi skal få lov til å vere i dette området. Omsynet til miljøet må komme først, seier Grieg.

– Så du meiner det bør vere forbod mot skipstrafikk her fram til eit skikkeleg regelverk er klart?

– Eg synest det ville vere naturleg, ja, når vi veit kor sårbart det er. Det er klart ein må kunne prøve seg fram og teste denne sjøruta, men med mindre ein er sikker på at ordinær skipstrafikk kan gå under heilt trygge forhold, så meiner eg at ein bør vente.

– Det er ein kjempestor risiko å drive med transport i dette området, seier ho.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Båttur på Kongsfjorden, Svalbard

Deltakarar frå Ny-Ålesund-symposiet på båttur på Kongsfjorden på Svalbard.

Foto: Eivind Molde / NRK

Raskaste veg

Første tur med eit ikkje-russisk skip gjekk gjennom Nordaustpassasjen i 2009.

Trafikken har auka år for år. Fram til utgangen av 2012 hadde 85 skip brukt denne transportvegen.

Ein tur frå for eksempel Japan eller Sør-Korea og til Rotterdam kan bli 25, i staden for 35 dagar lang samanlikna med den tradisjonelle ruta gjennom Suez-kanalen.

Omsynet til miljøet viktigast

Korea er ein av dei store skipsfartsnasjonane i verda og det koreanske maritime instituttet ventar ein trafikkvekst på seks og ein halv prosent i året i Nordaustpassasjen.

Det er både tid og pengar å spare ved å gå gjennom Nordaustpassasjen, og mange koreanske skip vil absolutt kunne bruke denne ruta dersom det blir lagt godt til rette for trafikk her, seier viseutanriksministeren i Sør-Korea, Cho Tae-yul til NRK.

– Kva er det viktigaste som må vere på plass før Nordaustpassasjen kan komme i ordinær bruk?

– Omsynet til å verne miljøet er det viktigaste, og det må strengare reglar til, seier Cho Tae-yul.

Han ser fram til at Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO), kjem opp med nye reglar for trafikken i arktiske farvatn.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Kongsfjorden på Svalbard

Før var Kongsfjorden på Svalbard dekka av is vinterstid. Dei siste vintrane har fjorden i stor grad vore isfri.

Foto: Eivind Molde / NRK

Beskjeden trafikk førebels

I fjor gjekk knapt 50 skip gjennom Nordaustpassasjen, mens rundt 17.000 valde den tradisjonelle vegen gjennom Suez-kanalen.

–Trafikken er førebels beskjeden. Men det kjem til å bli auka maritim aktivitet i heile dette området, seier administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Sturla Henriksen.

– Eg tenkjer først og fremst på olje- og gassverksemda, men også transport inn og ut av området. For eksempel har Russland blant anna metall og mineral som no etter kvart kan fraktast ut på skip. Etter kvart vil også gjennomseglingar mellom Europa og Asia, i Nordaustpassasjen, ta seg opp.

– Men det er mykje som må plass for å kunne handtere ein betydeleg trafikkvekst på ein sikker og berekraftig måte, seier Henriksen.

I tillegg til regelverket, trengst det blant anna gode kommunikasjonsløysingar og opplegg for søk og redning, meiner han.

– Vil det ta lang tid før reglar for trafikk i islagde farvatn er på plass?

– Vi er uroa over at isen smeltar raskare enn ein er i stand til å få på plass eit internasjonalt regelverk. Utviklinga går svært raskt. Vår oppfordring til styresmaktene er at dei får fortgang i dette arbeidet, seier Sturla Henriksen.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Sør-Koreas viseutenriksminister Cho Tae-yul

Potensialet for trafikk i Nordaustpassasjen er stort, men omsynet til miljøet i Arktis er det viktigaste, seier viseutanriksministeren i Sør-Korea, Cho Tae-yul. Han ser fram til nytt regelverk frå IMO.

Foto: Eivind Molde / NRK

Polarkoden

Det er den såkalla Polarkoden IMO arbeider med å utforme. Det er snakk om bindande reglar og krav for skip som segler i polare farvatn.

Det handlar om teknisk standard på skipa, navigasjon, meteorologiske tenester, gode kommunikasjonssystem, redningsutstyr og så vidare. IMO har som mål at arbeidet skal vere ferdig i 2014.

– Noreg engasjerer seg sterkt i dette arbeidet, fortel utanriksminister Espen Barth Eide.

– Noreg, som på mange måtar har stilt seg i spissen for dette når det gjeld Arktis, kjem til å stå på for at dette skal bli avklart på ein god måte og på ein raskast mogeleg måte, seier Eide.

– Dette er noko vi absolutt må ha på plass før det blir eit større volum i seglinga, seier han.

Eide er glad for at russarane byggjer ut infrastruktur i området. Han er også glad for det sterke engasjement frå mange asiatiske land.

– Det at fleire asiatiske land i mai blei tekne opp som observatørar i Arktisk råd har nok vore med på å auke interessa, og det er noko som eg ønskjer velkommen, seier Espen Barth Eide.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Espen Barth Eide på Kongsfjorden, Svalbard

Vi skal stå på for å få på plass Polarkoden – eit eige regelverk for skipstrafikk i arktiske farvatn, seier utanriksminister Espen Barth Eide. Her er han på tur på Kongsfjorden ved Ny-Ålesund.

Foto: Eivind Molde / NRK

IMO-arbeidet går tregt

Elisabeth Grieg i Grieg Star er kritisk til IMO sitt arbeid med Polarkoden. Ho ingen tillit til at IMO vil få på plass regelverket raskt nok.

– Nei, dessverre. IMO er ein kjempeflott organisasjon, og dei gjer eit svært viktig arbeid. Men det går for sakte. Det gjeld på mange område, til dømes i arbeidet med å finne ei god løysing for opphogging av skip, seier Grieg.

– Arktis er eit veldig sårbart område, og eg meiner vi må lage særreglar her. Vi kan ikkje vente på at det skal komme globale reglar. Det er viktig å ha med IMO i prosessen, men det er endå viktigare å få på plass eit regelverk, seier ho.

Ho håpar Arktisk råd kan vere pådrivar i arbeidet med å få laga eit strengt regelverk.

Svakt regelverk

Også organisasjonen WWF-Norge har engasjert seg sterkt i spørsmålet om skipstrafikk i nord.

Nina Jensen, WWF-Norge

Regelverket som IMO lagar for skipstrafikk i Arktis er for svakt, seier generalsekretær i WWW-Norge, Nina Jensen.

Foto: Eivind Molde / NRK

Generalsekretær Nina Jensen er samd med Elisabeth Grieg om at trafikken i Nordaustpassasjen og islagt farvatn må vente fram til eit nytt regelverk er på plass.

– Arktis byr på særlege utfordringar for skip og mannskap med tanke på ver- og isforhold – og det faktum at berre fem prosent av havområdet er kartlagt. Dei fleste område har dermed ikkje gode nok sjøkart, og det er ein risiko som aukar faren for ulukker, seier Jensen.

– IMO har erkjent at miljøet i Arktis treng eigne reglar. Det er bra. Men WWF meiner at det regelverket som dei utformar no, er for svakt.

– Dersom Polarkoden blir vedteken i 2014 kan regelverket ta til å gjelde 1,5 år seinare. WWF meiner det er betre at det blir brukt meir tid på å lage eit fullgodt regelverk – så får det heller tre i kraft nokre år seinare.

– Det viktigaste er at det gir godt nok vern for det allereie marginaliserte miljøet i Arktis, seier Jensen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt