NRK Meny
Normal

– Minst 55 personar drepne i Syria

Minst 55 personar er skotne og drepne av regjeringsstyrkane i Syria, ifølgje Amnesty International.

Store demonstrasjonar i Syria

Også i dag er det store demonstrasjonar Daraa. Dette biletet er frå ei gravferd i byen i går.

Foto: EBU

Støttedemnstrasjon for Bashar al-Assad i Syria

Det har også vore støttedemonstrasjonar for president Bashar al-Assad i Damaskus i dag.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp
President Bashar al-Assad

Syria-president Bashar al-Assad.

Foto: LOUAI BESHARA / AFP

Fleire tusen menneske deltek i demonstrasjonar i fleire byar mot regimet i Syria i dag. Dei dødelege angrepa skal ha skjedd i byen Sanamein nær Daraa etter at demonstrantar prøvde å sette fyr på ei statue av president Hafer al-Assad.

– Regjeringsstyrkane starta å skyte mot demonstrantane i Sanamein og arresterte folk i Damaskus, seier Amnesty International fredag kveld.

Dette skjer dagen etter at myndigheitene lovde å etterforske valden som har prega landet den siste tida.

– Skulle ikkje skyte

Iføgje Al Jazeera-korrespondent Rula Amin i Damascus fortel augevitne at nokre unge menn prøvde å brenne ned statua av den tidlegare presidenten Hafez al-Assad, som er faren til noverande president Bashar al-Assad, men at regjeringsstyrkane då starta å skyte mot dei.

Det syriske informasjonsdepartementet seier alle regjeringsstyrkane hadde fått klar beskjed om å ikkje skyte mot demonstrantane «uansettt kva som måtte skje».

– Men ting utvikla seg i ei uventa retning. Inne blant dei fredelege demonstrantane, var det ei anna gruppe folk som var væpna. Og desse skaut mot både regjeringsstyrkane og innbyggjarane i Daraa, seier Reem Haddad frå informasjonsdepartementet.

Eit augevitne som Al Jazeera har snakka med, seier dette ikkje stemmer.

– Eg var der sjølv og såg ungdommane som demonstrerte fredeleg. Dei ropte slagord for fred og openheit og for å få slutt på korrupsjon, seier Abu Ali.

– Det var ingen av dei som hadde våpen, seier han til Al Jazeera.

Slagord mot president-bror

Daraa har vore sentrum for dei regimekritiske demonstrasjonane, det har vore uro i byen i fleire veker.

Demonstrantane har kalla dagen i dag for «Vørdnadsdagen» eller «Verdigheitsdagen».

Al Omari-moskeen i Daraa i Syria-

Det var her ved Al Omari-moskeen i Daraa at soldatar gjekk til angrep på demonstrantar tidlegare denne veka.

Foto: Hussein Malla / Ap
Demonstranter og Assad-tilhengere støter sammen i Damascus

Folk som er for og imot Assad, støytte saman utanfor ein moské i Damascus.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

I regimekritiske demonstrasjonar i andre arabiske land har ofte fredagane vorte utropte til «Vredens dag», men demonstrantane i Syria har gjort det klart at dei frå deira side skal vere fredeleg og verdig.

Det blir ropt slagord mot Maher Al-Assad, broren til president Bashar al-Assad. Maher er sjef for den syriske republikanargarden. Han har kommandoen over styrkane som opna eld mot demonstrantar denne veka, der minst 44 menneske vart drepne.

– Maher, din feiging. Bruk heller soldatane dine til å ta tilbake Golan, ropte demonstrantane ifølgje augevitne som Reuters har snakka med.

Dette som ei referanse til at soldatar har gått til anrgep på sine landsmenn, og at Golanhøgdene har vore okkupert av Israel sidan 1967.

Opprør i fleire byar

Daraa ligg rundt 120 kilometer sør for Damaskus, og byen har vore sentrum for dei regimekritiske demonstrasjonane i landet.

I byen Tel, ikkje langt frå Damaskus, er rundt 1000 menneske ute i gatene og ropar slagord mot slektningar av presidenten, melder Reuters. Slektningane blir kalla «tjuvar».

Det er også demonstrasjonar i byen Hama, byen der fleire tusen menneske vart drepne av syriske tryggingsstyrkar i 1982. Også her ropar demonstrantane slagord til støtte for demonstrantane i Daraa.

I hovudstaden Damaskus var det i dag også støttedemonstrasjonar for presidenten. Og bilete frå denne demonstrasjonane er dei einaste som har vorte sende ut i dag. Dette på grunn av at regimet kontrollerer både presse og kringkasting i landet.

Politiet greip inn

Men det vart også ropt slagord om fridom i hovudstaden Damaskus etter fredagsbønna, i det som verkar vere ein støttedemonstran for demonstrantane i Deraa.

Politiet greip straks inn mot rundt 200 demonstrantar i Damaskus, og fleire tiltals av dei er pågripne, seier augevitne på staden til nyheitsbyrået Reuters.

Demonstrantane marsjerte frå Omayyed-moskeen i sentrum av gamlebyen den syriske hovudstaden og ropte slagord med støtte til Daraa. Mange ropte også «Vi vil ofre oss for Syria».

Syrisk talskvinne Butaina Shaaban.

Butaina Shaaban er talskvinne for den syriske presidenten. I går lanserte ho demokratiske endringar.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

I landsbyen Dael ikkje langt frå Daraa demonstrerte fleire hundre av innbyggjarane der til støtte for Daraa-demonstrantane, og eit demonstrasjonstog skal vere på veg til nabobyen til fots.

President på glid

Minst 44 menneske er drepne i uroa i Daraa den siste veka. Den alvorlege uroa fekk president Bashar al-Assad til å love demokratiske reformar i landet, blant anna oppheving av dei upopulære unntakslovene. Desse lovene har gitt tryggingsstyrkane nærmast lov til å gjere det dei vil.

Onsdag vart minst 37 menneske drepne då tryggingsstyrkar storma ein gammal moske og skaut inn i folkemengda. Fleire hundre skal ha blitt såra.

Ei talskvinne for presidenten, Butaina Shaaban, gjekk også ut og sa at det ikkje var presidenten som hadde gitt ordre om at det skulle opnast eld mot demonstrantane.

Opposisjonen har gjort det klart at dei ikkje vil godta utspelet frå presidenten, og at demonstrasjonar for demokratiske endringar vil halde fram. Dei krev blant anna at Assad set fri fleire tusen politiske fangar, opne for ytringsfridom og å opne for ytringsfridom.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt