Hopp til innhold

– Klimaendringane ein alvorleg trussel for grønlandskvalen

– Klimaendringane tvingar grønlandskvalen nordover, til havområde med langt mindre mat. Det er ein alvorleg trussel, seier seniorforskar Kit Kovacs ved Norsk Polarinstitutt.

Grønlandshval

Grønlandskvalen er eit svært dyr, opp til 20 meter langt og 100 tonn tungt. Kvalen kan bli heile 200 år gammal, og lever heile livet sitt i arktiske farvatn.

Foto: Kit Kovacs / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Grønlandskvalen (Balaena mysticetus) er ein utryddingstrua dyreart. Den var nesten heilt utrydda etter ei omfattande jakt gjennom hundrevis av år.

No møter kvalen ein ny trussel, ifølgje internasjonale forskarar. Den handlar om at det blir mindre mat å finne som følgje av klimaendringane.

Forskarane plasserte satellitt-sendarar på grønlandskval i Framstredet, som ligg mellom Grønland og Svalbard. Data frå sendarane dokumenterer, i større grad enn det som har vore påvist tidlegare, at grønlandskvalen har ei ekstrem tilknyting til isen.

Forskarar på tokt i Framstredet mellom Grønland og Svalbard. Dei skyt satellitt-sendarane ned mot dyra frå helikopter. Når sendarane fester seg til spekket, er dette som eit lite nålestikk for kvalen, ifølgje forskarane. Sendarane fell av etter maksimum 6–8 månader. Foto: Nick Cobbing, Norsk Polarinstitutt

– Ekstremt is-avhengige

Seniorforskar Kit Kovacs, Norsk Polarinstitutt

Seniorforskar Kit Kovacs ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

– Desse dyra er svært tilknytte isen gjennom heile livet. Dei lever inne i isen, og er avhengige av den. Isen vernar dei mot stormar, mot angrep frå spekkhoggarar, og mot menneskeleg aktivitet, seier seniorforskar Kit Kovacs ved Norsk Polarinstitutt. Ho har leia forskingsprosjektet i Framstredet.

Ved isen finn dei maten sin, som først og fremst er dyreplankton og kril.

Og når isen i Arktis krympar og trekkjer seg nordover, blir leveområdet mindre. Kvalen følgjer isen mot nordlegare farvatn, til Polhavet, som er langt djupare. Her kan tilgangen på mat bli kraftig redusert, fortel Kovacs.

Mindre mat

– Organismane som kvalen er avhengig av, er ikkje å finne i like stor grad i det djupe Polhavet. Så det vi er redde for, er at når dyra følgjer isen innover i Polhavet, vil dei ikkje ha tilgang til dei same organismane som på grunnare vatn lenger sør, seier Kovacs.

Forskarane har mellom anna sett på kvar kvalen oppheld seg, og tatt prøver av spekket. Rapporten er laga av forskarar frå Noreg, Russland, Danmark og Grønland, og er publisert i Biology Letters, The Royal Society.

Meir aktivitet som forstyrrar

Men det er ikkje berre varmare hav og mindre is som uroar Kovacs.

– Det er meir lyd i havet enn før, det blir meir og meir aktivitet i nord, og dersom den globale oppvarminga held fram, vil habitatet deira rett og slett forsvinne, seier ho.

Ho trekkjer ein parallell til situasjonen for dyr som lever i regnskogen, dersom regnskogen blir brend eller hogd ned.

Kva bør gjerast?

– Dette er ei stor sak som krev internasjonal innsats. Det er nødvendig å bremse eller aller helst stoppe den globale oppvarminga dersom vi skal kunne ha med oss desse dyra i tida som kjem, seier ho.

Grønlandshval med satellittsender dykker ned under isen i Framstedet.

Grønlandskval med satellitt-sendar dukkar ned under isen i Framstredet.

Foto: Nick Cobbing / Norsk Polarinstitutt

Håpar på klimaengasjement

Grønlandskval av Spitsbergen-bestanden har vore totalfreda sidan 1931. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) ser ein samanheng mellom fangsten i tidlegare tider, og det som skjer no.

Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det som slår meg når eg ser denne rapporten, er at vi eigentleg held på med det same no, ved å varme opp kloden. Viss motstanden mot overdriven fangst hadde vore brukt i kampen mot klimaendringane, hadde vi kanskje komme eit stykke lenger på veg. Dette er eit godt eksempel på korleis klimaendringane får konsekvensar også for sjøpattedyr. Eg håpar det fører til klimaengasjement, seier han.

– Som klima- og miljøminister har du makt. Kva vil du gjere?

– Det viktigaste er å bremse klimaendringane. Utsleppa her i landet går ned, og det er bra. Men vi treng sterkare ambisjonar internasjonalt. Og når vi går ut av koronakrisa, må vi få greie å skape berekraftige løysingar som er gode for klima og miljø, seier han.

Grønlandshval, utbredelse iflg. rapport fra Norsk Polarinstitutt

Dette er området der grønlandskvalen frå Spitsbergen-bestanden lever i dag. Data frå satellitt-sendarar viser at kvalen for ein stor del oppheld seg i det same området som før, trass i at bestanden er blitt mindre opp gjennom åra. Nye observasjonar tyder på at bestanden har tatt seg noko opp i seinare tid.

Grafikk: Norsk Polarinstitutt

– Må vere forsiktige

– Tar styresmaktene nok omsyn til dyrelivet i desse sårbare områda?

– Vi må vere forsiktige med kva vi gjer i Arktis. Derfor set vi no ei tydeleg nordleg grense for petroleumsaktivitet. Semja om iskantsona er eit bidrag til å avhjelpe situasjonen. Vi må for ein kvar pris unngå utslepp av olje i desse sårbare områda.

Stortingsfleirtalet utelukkar ikkje at Oljedirektoratet kan drive med ressurskartlegging, i form av seismikk, nord for den grensa som er sett.

Generalsekretær i WWF Karoline Andaur.

Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur.

Foto: Ivan Tostrup / WWF Verdens naturfond

Generalsekretæren i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur, er svært kritisk til dette, og meiner det kan gå ut over grønlandskvalen.

– Isavhengige artar må ikkje utsetjast for risiko, som olje- og gassaktivitet, seismikk og skipstrafikk. I Oljedirektoratet sine retningslinjer for seismikk er det tatt omsyn til fisk, men ikkje til kval. Vi har lenge bedt om at dette må endrast, seier Andaur.

Seismikk-skip

Seismikkskip i Barentshavet.

Foto: Oljedirektoratet

– Seismikk er skadeleg for kvalen

Innsamling av seismiske data blir brukt for å få kunnskap om forholda under havbotnen, for å finne ut om det kan vere olje eller gass der. Det blir sendt lydbølgjer ned i undergrunnen, og så blir bølgjene reflekterte tilbake til sensorar som kan vere plasserte på havbotnen eller blir slept etter eit seismikkfartøy.

– Er det så skadeleg med seismikk?

– Her snakkar vi om eit høgt lydnivå under havoverflata. Seismikk er jo trykkbølgjer som blir sende ned i havet. Dette kan heilt klart vere ein stressfaktor for kvalen. Kval kommuniserer ved å sende ut signal med lågfrekvent lyd over lange avstandar, nesten som ekkolodd. Då kan lyd frå det vi kallar seismikkskyting føre til at kvalen blir skremt vekk, og at det blir vanskelegare å kommunisere. Det er påvist at andre kvalartar prøver å halde seg unna område med seismikk, seier Andaur.

Sveinung Rotevatn vedgår at seismikk kan vere ei utfordring.

– Ut frå det vi veit no, er det ikkje grunn til å tru at det er store negative følgjer av seismikkskyting. Men vi veit ikkje nok. Derfor har vi i forvaltningsplanen sagt at vi skal skaffe oss meir kunnskap om konsekvensane for sjøpattedyr. Vi må gå forsiktig til verks, vere føre var. Derfor treng vi meir kunnskap.

Grønlandshval

Grønlandskval ved isen.

Foto: Kit Kovacs / Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt