Hopp til innhold

– Ingen kan nekte Assad å stille til valg

– Det er ingen som kan nekte president Assad å stille til valet neste år, seier den syriske regjeringa. Utsegna er eit svar til Russland som i dag uttalte at det er kritikkverdig at Assad vil går for attval.

SYRIA-CONFLICT-GOVERNMENT-MUQDAD

Faisal Muqdad forsvarer sin eigen president (bak), som har uttalt at han ikkje ser nokon grunn til at han ikkje kan stille som kandidat ved presidentvalet neste år.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

– President Assad bør etter mi meining vere ein kandidat til valet, men han vil sjølv avgjere om han skal stille når tida er inne, seier viseutanriksminister i Syria, Faisal Muqdad til nyheitsbyrået AFP.

Kritiserer Assad sine utsegn

Den syriske ministeren seier at ingen har rett til å seie om Assad kan stille eller ikkje. Med det svarer han på det hans russiske kollega uttalte før i dag.

– Å kome med slike utsegn gjer berre atmosfæren tyngre og bidreg ikkje til å roe ned situasjonen, sa viseutanriksminister i Russland, Mikhail Bogdanov, tidlegare i dag. Russland har lenge vore ein av støttespelarane til regimet i Syria.

Utsegna som Bogdanov viser til er Bashar al-Assad sitt utsegn om at han «ikkje ser noko grunn til at han ikkje kan stille som kandidat til neste val». Dette har skapt stor misnøye blant opposisjonen i Syria, eit land kor 125.000 menneske har mista livet dei siste åra, og fleire millionar har blitt drive på flukt.

Det har kome vekslande meldingar frå regimet i Syria om Assads planar om å stille til val, og det er framleis ikkje stadfesta at han faktisk stiller.

Samanliknar Assad og Hollande

Bogdanov sa at både president Assad, men også alle andre partar bør ta ansvar og unngå moglege konfliktfylte tema i framkant av dei planlagde samtalane i Genève i januar.

– Me meiner at det i framkant av fredssamtalane ikkje bør kome nokre utsegn som andre kan mislike og som kan skape sterke kjensler og reaksjonar, sa Bogdanov.

Den syriske viseutanriksministeren viste til Frankrike då han argumenterte for kvifor Assad bør få stille på nytt.

– Stemmeurnene vil bestemme kven som skal styre i Syria. President Assad har eit stort fleirtal bak seg medan president Hollande berre har støtte frå 15 prosent av det franske folk, seier Muqdad.

SISTE NYTT

Siste nytt