NRK Meny
Normal

– Vi må ikkje gløyme bortførte Nigeria-jenter

Nyleg vart over 200 jenter bortførte frå ein jenteskule i det nordlege Nigeria av islamistgruppa Boko Haram. No kjem det meldingar om at mange av jentene har vorte tvangsgifta med opprørarar.

Kidnappa jenter i Nigeria greidde å flykte.

Desse jentene, som var blant over 200 bortførte nigerianske skulejenter, var heldige og greidde å flykte frå Boko Haram.

Foto: Haruna Umar / Ap

Generalsekretær Olaf Thommessen i Plan Norge kallar det som har skjedd for «enormt oppsiktsvekkjande».

– Kvifor reagerer vi ikkje på dette? Hadde det skjedd i Europa eller USA hadde vi hatt fullt ramaskrik, storstilte leiteaksjonar og full debatt. No må vi hindre at desse jentene blir gløymde av verdssamfunnet, seier Thommessen.

Olaf Thommesen saman med skuleborn i Liberia.

Generalsekretær Olaf Thommessen i Plan Norge under eit besøk på ein skule i Liberia nyleg.

Foto: Plan Norge

Boko Haram-opprørarane skal ha teke ein del av jentene over grensene til nabolanda Kamerun og Tsjad, der det er kjent at den islamistiske organisasjonen har fleire gøymestader. Jentene skal vere mellom 16 og 18 år.

Nokre få av dei bortførte jentene skal ha greidd å flykte, og dei har kome tilbake til familiane sine.

– Eit globalt problem

Thommesen meiner det er viktig å få fram at bruk av vald og truslar for å hindre at jenter skal få ta utdanning, ikkje berre er eit problem i Nigeria. Det er eit globalt problem.

– Grunnlaget for at dei er bortførte er at delar av samfunnet dei lever i oppfattar jenter si utdanning som ein trussel, samstundes som vi veit at utdanning av jenter er ein føresetnad for at samfunnet skal utvikle seg.

Thommessen fortel at det er mange motkrefter når det gjeld jenter og utdanning. Økonomiske motkrefter er ein ting. Mange meiner at jenter må ut og arbeide fordi familiane deira er avhengige av pengane dei tener. Mange prioriterer også at gutar skal få utdanning framfor jenter.

Denne mannen skal vere leiar for Boko Haram, Abubakar Shekau.

Abubakar Shekau skal vere leiaren for den islamistiske opprørsgruppa Boko Haram.

Foto: HO / Afp

Så er det dei religiøse kreftene, slik det viste seg i Malala-saka i Pakistan eller hos Boko Haram i Nigeria.

– Må hjelpe Nigeria

– Kor mange skulejenter må bli bortførte før verda vaknar og nektar å godta at valdelege grupperingar skal hindre jenter i å få utdanning?, spør Olaf Thommessen.

Han meiner at norske styresmakter med statsminister Erna Solberg i spissen har eit ansvar for å reagere overfor nigerianske styresmakter. Han viser til at Solberg har teke på seg ei pådrivarrolle i arbeidet for at jenter skal ha rett til utdanning.

– Noreg bør leggje press på nigerianske styresmakter for å få dei til å intensivere leitinga etter dei bortførte jentene, og vi bør tilby å hjelpe dei, seier generalsekretæren.

Thommessen trur bortføringane i Nigeria berre er toppen av isfjellet. Han viser til at fleire hundre tusen jenter blir tvungne ut av skulen fordi det er for farleg for dei. Vald og seksuelle overgrep er ein stor trussel, det same er faren for angrep og bortføringar frå paramilitære grupperingar i samband med krig og konflikt.

65 millionar tomme pultar

– Det er 65 millionar tomme skulepultar i verda. På dei fleste pultane skulle det har vore jenter. 47 millionar jenter i verda går ikkje på skule. Årsakene til at jenter sluttar på skulen er vald, tidleg ekteskap og fattigdom. Halvparten av dei lever i område prega av krig og konflikt. Den pakistanske jenta Malala, som vart verdskjend etter at ho vart skoten av Taliban, er ikkje eineståande, seier Thommessen.

Plan Norge er sterkt involvert i Sør-Sudan. Der er neste 70 skular okkuperte av væpna grupper eller av internt fordrivne på grunn av borgarkrigen. Organisasjonen prioriterer arbeidet med å sikre skular i områda dei arbeider i, såkalla Safe School-prosjekt .

Dei er også tungt inne i Liberia, Pakistan og Burkina Faso, og heilt i det siste, også i Nigeria. Dette er land der jenter sin rett til skulegang er trua frå fleire hald.

– Vi jobbar på mange plan for å sikre at jentene skal få utdanning. Det kan vere alt frå bygging av gjerde, murar og anna fysisk vern, men også haldningsskapande arbeid overfor foreldre og lokalsamfunnet, fortel Thommessen.

Frå hus til hus

Han kan fortelje at dei går frå hus til hus, frå hytte til hytte i landsbyane, for å skape forståing for at jenter må få utdanning, dei snakkar med familiar og med landsbyråd.

– Eg synest vi har lukkast med dette. Vi opplever at det blir større aksept for at både gutar og jenter har rett på utdanning, og at samfunnet treng det for å utvikle seg, seier Thommessen.

Det er viktig for Plan at det blir arbeidd for at skular skal få same status som til dømes sjukehus i eit krigsområde, at det blir respektert som ein stad der væpna grupper held seg unna.

LES OGSÅ: 100 jenter skal være bortført fra skole i Nigeria

LES OGSÅ: Nesten 10.000 skoler angrepet på fem år

LES OGSÅ: Boko Haram slaktar ned for fote i Nord-Nigeria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt