Hopp til innhold

Kartla risiko og bygde gjerde

Ved barneskulen Gudele East i Juba i Sør-Sudan har Plan Norge bygd gjerde rundt skuleområdet for å hindre angrep på elevane.

Gjerdet rundt Gudele East i Juba.

Gjerdet rundt Gudele East-skulen i Juba har auka tryggleiken for elevane betydeleg.

Foto: Plan Norge

Sør-Sudan er herja av borgarkrig, og det er mykje våpen i omløp blant folk. Mange er redde, ikkje minst skuleelevar. Fleire elevar kunne fortelje historier om skumle menneske med våpen som hadde gått rundt på skuleområdet.

Tryggare skulekvardag

Plan Norge starta eit prosjekt ved Gudele East i Juba i 2012 med mål om at skulekvardagen skulle bli tryggare for elevane. I samarbeid med elevane og skuleleiinga vart det lagt planar om kva som burde gjerast.

Det var eit sterkt ynskje frå elevane om at det måtte bli tryggare inne på skuleområdet, og resultatet vart eit høgt gjerde rundt skulen. Arbeidet med gjerdet starta like før konflikten i landet blussa opp på nytt i desember i fjor.

Mindre frykt

Under skytinga i Juba i vinter var foreldre i hovudstaden livredde for borna sine, som ofte måtte flykte frå skyting og uro. Ved Gudele East var foreldra langt mindre engstelege, nettopp fordi skulen var inngjerda.

Rektor fortel at situasjonen ved skulen har vore roleg på grunn av gjerdet, og både born og foreldre har kjent seg trygge. Plan Norge meiner generelt at gjerde rundt skulen gjer at både lærarar, foreldre og elevar ikkje berre kjenner seg tryggare, men også er tryggare.

LES OGSÅ: – Vi må ikkje gløyme bortførte Nigeria-jenter

LES OGSÅ: FN-sjef: – Det var flere hauger med lik

LES OGSÅ: – Flere hundre sivile massakrert i Sør-Sudan

SISTE NYTT

Siste nytt