Boko Haram slaktar ned for fote i Nord-Nigeria

Minst 116 menneske er drepne i angrep frå den islamistiske organisasjonen Boko Haram i det nordlege Nigeria dei tre siste dagane.

Bombeangrep i Maiduguri i Nigeria.

46 menneske vart drepne i to bombeangrep i Maiduguri i det nordlege Nigeria laurdag. Alt tyder på at Boko Haram stod bak.

Foto: JOSHUA OMIRIN / Afp

På litt over ein månad har organisasjonen teke livet av over 400, dei aller fleste sivile. Boko Haram, som rettar angrepa sine mot den kristne minoriteten i denne delen av Nigeria, har ikkje vore så aktive sidan dei starta opprøret sitt i delstaten Borno i 2009.

Boko Haram betyr «Vestleg utdanning er synd». Gruppa har tidlegare sagt at dei vil jage alle kristne ut av det nordlege Nigeria, og at dei som ikkje reiser frivillig risikerer å bli drepne.

31 drepne måndag

Bombeangrep i Maiduguri i Nigeria.

To bilbomber gjekk av i Maiduguri laurdag, og minst 46 menneske vart drepne. Søndag samla folk seg for å sjå på restane av bilane.

Foto: STRINGER / Reuters

Seinast i dag er det meldt at 31 menneske er drepne i ein landsby i det nordaustlege Nigeria. 29 av dei var sivile, medan to var politimenn. Dei to politimennene vart drepne medan dei prøvde å hjelpe dei som vart såra etter det første angrepet.

Laurdag gjekk to bomber av i delstatshovudstaden Maiduguri i Borno. Minst 46 menneske vart drepne i desse angrepa.

50 kilometer unna vart ein den vesle landsbyen Mafa så godt som utradert av fleire titals væpna menn søndag. Her enda dødstalet på 39, dei aller fleste sivile.

Angriparane skaut mot sivile på flukt, og dei kasta granatar inn i hus der det var fullt av folk, fortel overlevande.

LES OGSÅ: Minst 29 elever drept i skolangrep i Nigeria

LES OGSÅ: Massakrer herjer Nigeria: – Folk blir slaktet som kyr

– Soldatar stakk av

Goodluck Jonathan

President Goodluck Jonathan får kritikk for manglande evne til å slå ned opprøret i nord.

Foto: RODGER BOSCH / Afp

Angriparane varsla det siste angrepet før dei gjekk til aksjon. Dette gjorde at mange kvinner og born greidde å kome seg unna, blir det opplyst. Men delstatssenatoren Ahmed Zannah fortel at også soldatane som skulle verne byen stakk av.

– Alle soldatane i Mafa flykta før angrepet. Dei visste truleg at Boko Haram både var fleire og hadde betre våpen enn dei, seier Ahmed Zannah. Han seier at dette ikkje er uvanleg når Boko Haram går til angrep.

Dei nigerianske hæren vil overfor nyheitsbyrået Reuters ikkje kommentere dette, men dei har tidlegare avvist skuldingar om at soldatar har flykta før liknande angrep.

Mange av ei attlevande innbyggjarane i Mafa gøymer seg i ute i skogen i frykt for nye angrep. Det er stor frykt for ei humanitær krise i området fordi folk i hopetal har flykta frå heimane sine etter angrep frå Boko Haram.

LES OGSÅ: Over 100 skal være drept i Nigeria

LES OGSÅ: Stormet sovesal og skjøt studenter som lå i sengene

Kritikk av presidenten

Fleire tusen menneske er drepne etter at Boko Haram starta kampen sin for å etablere ein islamsk stat i det nordlege Nigeria. Den nigerianske presidenten, Goodluck Jonathan, som sjølv er kristen og frå det i hovudsak kristne Sør-Nigeria, har møtt auka kritikk for at hæren ikkje greier å stanse angrepa frå Boko Haram.

Presidenten har i fleire år sagt at dei væpna styrkane er i ferd med å knuse Boko Haram i den nordlege delen av landet, men mykje tyder på at den islamistiske gruppa er sterkare enn nokon gong.

Det er uklart kvar grupperinga får pengar frå, men vestlege observatørar trur det meste kjem frå utlandet.

Bombeangrep i Maiduguru.

Sivile er hovudmålet for den islamistiske grupperinga Boko Haram i nordlege Nigeria.

Foto: STRINGER / Reuters

Nigerianske aviser hadde i 2012 fleire oppslag om at mykje pengar kom frå islamske humanitære organisasjonar i Storbritannia og Saudi-Arabia, under dekke av å drive naudhjelp.

LES OGSÅ: - Boko Haram-leiaren kan vere død

LES OGSÅ: 87 drept av Boko Haram i Nigeria

Internett-svindel

Ein del pengar kjem også frå Internett-svindel styrt frå den nigerianske storbyen Lagos, men det er vanskeleg å få oversikt over omfanget av dette.

Det nordlege Nigeria er langt fattigare enn den sørlege delen. Analytikarar og vestlege diplomatar har fleire gonger sagt at økonomisk utvikling i den nordlege delen er naudsynt for å få slutt på konflikten.

Boko Haram-leder Abubakar Shekau

Dette er mannen som skal vere leiar for Boko Haram, Abubakar Shekau. Den nigerianske hæren har tidlegare sagt at han kan vere død.

Foto: AFP

SISTE NYTT

Siste nytt