– Hei, apekatt. Reis tilbake til Afrika!

I ein video som vekker merksemd verda over vert satt ut når dei må lese den rasistiske kommentaren som ein mørkhuda mann har fått på Facebook. Målet er å sette fokus på netthets, men slike kampanjar får ikkje bort nettrolla, meiner ekspert.

Dei skal eigentleg på ein audition til ein reklamefilm, men i staden for hamnar dei i sentrum av ein kampanjefilm. Ein svart mann som også sit og ventar ber dei om å lese opp ei melding han har fått på Facebook. Og det er ingen koseleg melding han har fått.

– Hei apekatt. Reis tilbake til Afrika slik at me slipper lukta av deg. Om du ikkje tek bodskapen, så tek me deg. Me skal lage sko ut av slavehuda di, står det skrive i meldinga.

– Set netthets på agendaen, men fjernar det ikkje

Den litauiske kampanjen, som videoen er ein del av, er laga ved hjelp av EØS-middel frå Noreg. Norsk Antirasistisk Senter er delaktig i kampanjen som det litauiske senteret for menneskerettar står bak.

Videoen skal promotere ei ny nettside der temaet er kva effekt netthets har på menneske, og korleis ein kan rapportere denne typen hets.

Cecilie Staude

Høgskulelektor Cecilie Staude ved BI meiner kampanjen åleine ikkje stopper netthets, men bidreg til auka merksemd rundt temaet.

Foto: BI

Ekspert på sosiale medium og lektor ved Handelshøyskolen BI, Cecilie Staude, meiner kampanjen klarer å bidra til å sette temaet på agendaen, men ikkje å stanse netthets.

– Det med nettroll og netthets må me berre lære oss å leve med, og handtere når me opplever det. Det er vanskeleg å få bukt med, men kampanjar som dette bidreg til meir merksemd rundt det, seier Staude.

– Netthets er alle sitt ansvar å stanse

Videoen har skapt mykje merksemd, og er i skrivande stund sett av minst 860.000 personar. Staude meiner det heile er eit døme på korleis organisasjonar kan sette sine eigne tema på agendaen.

– Ein klarer å treffe noko i publikum som skaper ein reaksjon. Det treffer oss i magen, og dette er eit tema som mange er opptekne av. Det heile fører til at andre spreier videoen vidare blant sine vener igjen, seier Staude.

Noreg si pengestøtte har ikkje gått til spille, meiner lektoren.

– Om ein samanliknar med meir tradisjonelle måtar å få merksemd på, så gir dette ein stor effekt for ein ganske rimeleg penge.

Men videoen når ikkje nødvendigvis fram til dei som faktisk driv med netthets, meiner Staude.

– Dette med å stoppe netthets er eit ansvar som alle brukarar i sosiale medium har. Då handlar det både om våre eigne ytringar i ulike kommentarfelt, men også å ta stilling til andre sine ytringar, slik at sosiale medium kan vere ein arena med ein god kultur.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt