Hopp til innhold
Urix forklarer

– Hatkriminalitet med IS-merkelapp

Terrorforskar Mark Juergensmeyer, meiner drivkrafta til Omar Mateen var eit intenst hat mot homofile. Men at han samtidig ynskte å gje dette hatet ei større meining.

US-NATION-MOURNS-VICTIMS-OF-WORST-MASS-SHOOTING-IN-U.S.-HISTORY

Homofile i USA sørgjer over angrepet i Orlando. Her fra ein homobar i New York.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Terrorforskaren fortel til NRK at han vil kalle det eit «angrep med IS-merkelapp.»

– I det legg eg at gjerningsmannen har eit opphavleg hatmotiv, men at han gjev det eit IS-varemerke, for å rettferdiggjere handlingane sine, fortel Juergensmeyer.

– Dette er annleis enn IS-inspirerte terroraksjonar, fordi det grunnleggande motivet er avsky mot homofile. Islamismen kjem etterpå.

Mark Juergensmeyer

Mark Juergensmeyer er ein amerikansk terrorforskar ved Universitetet i California. Han har spesialisert seg på religiøs terrorisme. Han er ein mykje brukt kommentator på amerikansk radio og TV, og har skrive over 20 bøker om emnet.

Foto: Wikimedia commons

På veg inn i baren for å drepe homofile, ringde han alarmsentralen 911, og sa han hadde sverja truskap til IS leiar Abu Bakr al Baghdadi.

– Han ville gje handlinga si ei større meining, og meir status, difor gav han angrepet eit islamistisk IS-stempel, fortel Juergensmeyer til NRK.

Sterkt hat mot homofile

Juergensmeyyer fortel at informasjonen om Mateen spriker.

Faren hans han nørte eit intenst hat mot homofile. At Omar Mateen vart rasande då han såg to menn kysse.

Samtidig blir det spekulert i om han strevde med undertrykte kjensler. The Daily Telegraph spør i ein artikkel om han løynde legninga si.

Folk som såg Mateen ved Pulse-baren i Orlando, fortel han ofte sat aleine og drakk seg full. Av og til fekk han raserianfall.

Og så var han valdeleg.

Kona hans fortel at han var ustabil. At han brukte å slå henne.

Nightclub Shooting Florida

Kevlarhjelmen til ein av dei første politimennene som prøvde å ta seg inn i baren, der Omar Marteen gjekk amok med eit halvautomatisk våpen. Skotet gjekk i hjelmen og politimannen overlevde, men 49 kom aldri heim frå utestaden Pulse.

Foto: Ap

I samtalen med alarmsentralen kom Mateen også med ein referanse til dei to brørne som bomba Boston maraton i 2013. Tsjarnev-brørne var også muslimar.

Omar Mateen og Tsarnaev-brørne har fleire ting til felles

Begge angrep var på mjuke mål i det offentlege rom. Og i begge tilfelle var dette einsame ulvar som bar på bitterheit og nag.

For Mateen var det homofobi. For den eldste Tsarnaev var det bitterheit over at han ikkje fekk konkurrere som boksar, fordi han ikkje var amerikansk borgar.

Boston Marathon Bombing Shootout

Brødrene Tamerlan (venstre) og Dzhokhar Tsarnaev, som stod bak bombene under Boston maraton. Tamerlan døydde i skotveksling med politiet, Dzhokhar vart arrestert og dømd i april fjor.

Foto: Ap

I begge tilfelle vart det tydd til islamistisk retorikk for å rettferdiggjere drap, fortel Juergensmeyer.

IS prøvar å skape ein illusjon av makt

I følgje terrorforskaren slit IS med rekrutteringa. Krigen på bakken i Irak og Syria går dårleg.

I denne samanhengen treng rørsla å skape ein illusjon av makt. At dei har tentaklar som når jorda rundt.

Difor vedkjenner IS seg terroristar som sverger truskap til dei.

Angrep med IS-varemerke

Omar Mateen

DREPEN: Motivet til 29 år gamle Omar Mateen.

IS var snare med å vedkjenne seg Mateen, men Juergensmeyer tviler på at angrepet var avtalt på førehand.

–​ Ein skeiv bar i Orlando er eit underleg terrormål for IS. Det manglar symbolverdien til Paris og Brussel.

Sjølv om IS straffar homoseksualitet i områder dei kontrollerer.

Difor meiner terrorforskaren at angrepet i Orlando var hatkriminalitet.

Med ein IS-merkelapp lagt til.

SISTE NYTT

Siste nytt