– Føregår ei etnisk rensing av Rohingya-folket

Mange av båtflyktningane som kjempar ein desperat kamp i Bengalbukta tilhøyrar Rohingya-folket. Kjell Magne Bondevik meiner dei er utsette for etnisk reinsing.

TOPSHOTS-INDONESIA-SEASIA-MIGRANTS

Ei gruppe med rohingyar er komne til Indonesia og plasserte inn i ein trong politibil. Kjell Magne Bondevik meiner dei vert utsette for etnisk rensing.

Foto: SUTANTA ADITYA / Afp

Kjell Magne Bondevik

Leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettar meiner Rohingya-folket er utsette for etnisk rensing.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Dei går om bord i overfylte båtar og håper at det er eit betre liv som ventar dei på den andre sida. Men historiene som kjem frå menneska som har forsøkt før dei fortel om noko heilt anna enn eit lukkeleg liv.

Mange av båtane har ikkje fått legge til land av styresmaktene i Indonesia, Malaysia og Thailand. Etter at merksemda rundt flyktningane har vakse, så vedtok styresmaktene i Indonesia og Malaysia i dag at dei likevel vil tilby tryggleik for 7000 flyktningar i inntil eitt år.

– Ingen vil ta mot dei

Flyktningane kjem frå Myanmar og Bangladesh, og mange av dei som flyktar tilhøyrar dette Rohingya-folket som i årevis har blitt forfølgt.

En flyktning som antas å være fra rohingya-folket sover på en haug med klær etter å ha blitt reddet

Mange rohingyaar har den siste tida flykta frå Myanmar i båtar.

Foto: RONI BINTANG / Reuters

Leiaren av Oslosenteret for fred og menneskerettar, Kjell Magne Bondevik, kjenner godt til Myanmar og Rohingya-folket. Han fortel om eit folk som ingen vil ha.

– Rohingya-folket vert i Myanmar sett på som ulovlege innvandrarar frå Bangladesh. Dei vert diskriminerte i Myanmar, og det er også ein del av bakgrunnen for at dei no prøver å reise frå landet i båt. Den flyktningstraumen me ser er Asias svar på det me også har sett i Middelhavet, sa Bondevik då han besøkte Norgesglasset i P1 i dag.

– Det er ingen som vedkjenner seg rohingyaane, og som vil ta imot dei. Difor har dette blitt ei humanitær katastrofe, og det går føre seg i praksis ei etnisk reinsing av Rohingya-folket.

Får ikkje opphald

Bondevik viser til at Myanmar er eit buddhistisk samfunn, og at det er ein del av årsaka til forfølginga av rohingya-folket.

– Buddhistane er redde for at muslimane etter kvart skal overta fordi dei får fleire barn. Folketalet blant muslimane veks i forhold til buddhistane. Og det er nok noko av uroa som ligg bak, men sjølvsagt inga unnskyldning for den diskrimineringa dei vert utsette for, seier Bondevik.

Sjølv om det bur rundt 1,3 millionar rohingya-muslimar i Myanmar, så får dei ikkje tildelt statsborgarskap. Dei opplever også at dei blir påført strenge restriksjonar frå myanmarske styresmakter.

Nobelprisvinnar Aung San Suu Kyi er blant dei i parlamentet som har gått lengst for å forsvare Rohingya-folket. Bondevik meiner likevel at ho burde vore klarare i sin tale, men at det styresmaktene som sit med hovudansvaret.

– Skulle Suu Kyi gått endå sterkare ut for å forsvare rohingyafolket, så ville det vore eit politisk sjølvmord, meiner Bondevik.

SISTE NYTT

Siste nytt