Hopp til innhold

– Eit godt stykke politiarbeid

– Dette er godt levert, ein vel utført operasjon, seier tidlegare beredskapstroppleiar Anders Snortheimsmoen om det franske politiet sine parallelle aksjonar mot to gisselsituasjonar i 17-tida fredag ettermiddag.

Eksplosjon på trykkeriet

Rundt klokka 17 fredag kom det eit gjennombrot i dei to gisselsituasjonane i og utanfor Paris då dei to terroristane bak åtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo kom ut av lagerbygget dei hadde forskansa seg i og skaut mot politiet.

Begge dei terrormistenkte blei drepne i skotvekslinga med politiet. Gisselet dei hadde teke er no i tryggleik, og det kjem meldingar om at fleire av gislane i det andre gisseldramaet er frigjevne.

– Dette tyder på at politiet har gjort ein svært god jobb. Det har vore to svært krevjande operasjonar. Nå dei då lukkast og bergar liva til gislane, så er det kort og greit å seia at det er eit godt stykke politiarbeid som er utført, seier den tidlegare mangeårige leiaren for beredskapstroppen i Noreg, Anders Snortheimsmoen.

Kompleks oppgåve for politiet

Anders Snortheimsmoen

Anders Snortheimsmoen var del av den norske beredskaptroppen i 32 år før han i fjor bestemte seg for å slutta. I ti av åra var han sjef for den spesialtrente innsatsstyrken.

Foto: Peter von Tangen-Jordan / NRK

Situasjonen i Paris tok ei ny vending fredag ettermiddag, då det blei klart at gjerningspersonane bak dei to pågåande gisselsituasjonane i Frankrike samarbeider.

Dei to tungt væpna gisseltakarane i den jødiske supermarknaden skal ha framsett krav om at politiet måtte la dei to terrorbrørne, Cherif (32) og Said (34) Kouachi, få gå fri frå gøymestaden sin.

Gisseltakarane, kjærasteparet Hayat Boumeddiene (26) Amedy Coulibaly (32), truga med å drepa gislar dersom politiet ikkje innfridde dette kravet.

– Det som er krevjande er å veta om ein har dei riktige etterretningsopplysningane og det korrekte biletet av det som skjer i ein dynamisk og mobil situasjon som har gått føre seg over fleire dagar, opplyser Snortheimsmoen.

Seinare fredag kjem det meldingar om at minst fire av gislane i den jødiske supermarknaden er drepne.

Kouachi-brørne er mistenkte for å stå bak terroråtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris onsdag denne veka, der 12 personar vart drepne. Dei to uttrykte tidlegare fredag i samtalar med politiforhandlarar at dei ønskte å døy martyrdøden.

Jakten på terroristene i Paris

SISTE NYTT

Siste nytt