Hopp til innhold

– Ein sjiamuslimsk Saddam Hussein

– Statsminister Nuri al-Maliki har vore ein splittande, ineffektiv og autoritær katastrofe for Irak, ein sjiamuslimsk Saddam Hussein. Han kan takke seg sjølv for ISIL-invasjonen, seier amerikansk ekspert.

Statsminister Nouri al-Maliki i Irak.

Mange gir Iraks statsminister Nuri al-Maliki skulda for at islamistane i ISIL så lett greidde å erobre store område i Irak.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Den islamistiske grupperinga ISIL, Islamsk stat i Irak og Levanten, har sjokkert verda med si raske framrykking i Irak dei siste dagane.

Mange meiner at den irakiske statsministeren Nuri al-Maliki har seg sjølv å takke for at store delar av det nordlege og sentrale Irak no er i hendene på ei Al Qaida-tilknytt gruppe.

Tiraden over Maliki som ein sjiamuslimsk Saddam Hussein kjem frå Anthony Cordesman, sjefanalytikar ved Senter for strategiske og internasjonale studiar ( CCIS ) i Washington D-C.

– Vanskeleg å nå målet

Saddam Hussein

Amerikansk ekspert samanliknar Iraks noverande statsminister med den tidlegare diktatoren Saddam Hussein.

Foto: Erik de Castro / Reuters

Han har ikkje mykje godt å seie om den irakiske statsministeren, men trur heller ikkje det blir enkelt for ISIL å nå måla sine om eit islamsk kalifat i Midtausten.

ISIL har ikkje makta å gjere store framsteg i krigen mot regimet til Bashar al-Assad i Syria, og både i Syria og Irak risikerer grupperinga å møte sterk motstand blant urbane og moderate sunnimuslimar, meiner han.

Han peikar også på at ISIS aldri vil få støtte frå USA eller europeiske land, heller ikkje offisiell støtte frå viktige arabiske land som Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Kuwait.

Han minner om at ISIL-styrkane ikkje var i kamp med irakiske soldatar då dei tok over Falluja, Ramadi og Mosul. Han meiner dei utnytta misnøya med og sinnet mot den sitjande regjeringa som sunnimuslimane i området har.

Harmen mot styresmaktene har auka gradvis heilt sidan valet i 2010, meiner Cordesman.

LES OGSÅ: Abu Bakr al-Baghdadi – nådelaus krigar og dyktig strateg

– Manglar tillit

Cordesman peikar på fleire punkt som gjer at Nuri al-Maliki ikkje har tillit blant sunnimuslimar og kurdarar i Irak, blant anna at det har vorte slått hardt ned på alle forsøk på fredelege demonstrasjonar.

Det har vore direkte angrep på sunnimuslimske politikarar, og vanlege menneske har ikkje nytt godt av den irakiske oljerikdomen.

Baghdadi

Den frykta leiaren for ISIL, Abu Bakr al-Baghdadi.

Foto: HO - / Afp

I tillegg kjem den altomfattande korrupsjonen og manglande respekt for lokale stammeleiarar. Alt dette, meiner Cordesman, har ført til auka sympati for militante grupper.

– Maliki vart sin eigen verste fiende. Han har ignorert åtvaringar frå USA mot å samarbeide med Iran, han har mist respekt i andre arabiske land, og han har støytt frå seg kurdarane i nord, seier Anthony Cordesman til BBC.

Han stiller spørsmål om det er mogleg for Irak å kome vidare så lenge Maliki er statsminister.

Maliki har vorte noko som liknar på ein sjiamuslimsk Saddam Hussein, og han er ein like stor trussel mot Irak som ISIL, seier Cordesman.

Han meiner at Irak no har eit desperat behov for ein leiar som set nasjonen høgare enn seg sjølv. Dersom ikkje det skjer, så risikerer Irak å bli delt inn i ein sjiamuslimsk-, ein kurdisk og ein sunnimuslimsk sektor.

LES OGSÅ: ISIL har erobret nye områder nær Bagdad

LES OGSÅ: – Nordmenn kjemper for ISIL i Irak

– Fare for tredeling

For å forstå det som skjer i Irak i dag, er det viktig å sjå på historia til landet. Lenge var landet ein britisk koloni. Etter at britane trekte seg ut i 1932 vart tre provinsar frå Det ottomanske riket, Basra, Bagdad og Mosul, slått saman til staten Irak.

I provinsane styrte sjeikar over klanar og stammer, som kunne vere svært store. I Bagdad styrte ein konge saman med ein liten elite og britiske rådgivarar. Då det arabisk-nasjonalistiske Baath-partiet tok makta i 1968, støtta dei seg på nokre sunniarabiske klanar og eit stadig veksande tryggingsapparat.

Frivillige som vil kjempe mot ISIL i Bagdad.

Dette er menn i Bagdad som har meldt seg frivillig til å kjempe mot ISIL-opprørarane, som har teke kontroll over fleire irakiske byar dei siste dagane.

Foto: AHMED SAAD / Reuters

Det var slik Saddam Hussein arbeidde seg opp til å bli eineherskar i landet. Han slo brutalt ned på kurdisk oppstand i nord, og han hadde også konfliktar med innbyggjarane i det hovudsakleg sjiamuslimske Sør-Irak.

Motsetningar blussa opp

Den kurdiske folkegruppa i nord var nærare knytt til kurdarar i Tyrkia og Iran, og dei arbeidde for ein kurdisk stat.

Då regimet til Saddam vart fjerna frå makta etter den amerikanske invasjonen, blussa motsetningane mellom folkegruppene opp igjen for fullt. Hæren og tryggingsstyrkane til det gamle regimet vart oppløyste, og restane av desse styrkane kom til å danne kjernen i den væpna motstanden mot USA og dei nye irakiske makthavarane.

Fleire rapportar tyder på at det er mange soldatar og offiserar frå Saddams gamle tryggingsstyrkar som i dag er aktive i ulike sunnimuslimske opprørsgrupper, også ISIL.

LES OGSÅ: – Soldater i Mosul må be om tilgivelse eller dø

LES OGSÅ: ISIL skal ha kapret store mengder amerikansk-produserte våpen

I islamistisk retning

Det var i det grumsete farvatnet under den amerikanske okkupasjonen av Irak at det vi i dag kjenner som ISIL oppstod. Gruppa gjekk i ei stadig meir islamistisk retning, og i 2004 sverja det som då var Islamsk stat i Irak truskap til Al Qaida-leiaren Osama bin Laden.

Etter ei tid som ei rein irakisk gruppe gjekk dei etter kvart inn i borgarkrigen i Syria, og etter ei tid fusjonerte den irakiske gruppa med den syriske Nusrafronten, meir eller mindre frivillig frå Nusrafronten si side. Dei tok då namnet ISIL, Islamsk stat i Irak og Levanten.

Gruppa er kjend for brutalitet og for å innføre strenge sharialover i alle område der gruppa har makta. Dei går ikkje av vegen for halshogging som straffemetode, og pisking er ein vanleg for mindre alvorlege brotsverk.

Det blir meldt frå Mosul at innbyggjarane her også alt har fått merke det nye regimet. Tobakk og alkohol er forbode, kvinner må dekkje seg til om dei går ut, men dei har fått beskjed om at dei helst bør dei halde seg innandørs.

– Marginaliserte sunniar

Forskar Truls Hallberg Tønnesen ved Forsvarets forskningsinstitutt, meiner at det som skjer i Irak må sjåast på som eit resultat av utviklinga i Irak, der sunniarabarane har kjent seg stadig meir marginaliserte av den sjiadominerte regjeringa.

– Eg trur likevel at det er ei ganske lita oppslutning om ISIL i Irak. Det er ei gruppe som har vore kjend for brutalitet og har derfor slite med å få støtte lokalt. Likevel har dei den siste tida klart å få litt støtte ved å stå fram som representantar for den sunniarabiske minoriteten, og fordi dei kjempar mot det sjiadominerte regimet, seier Tønnesen til NRK.

Han fortel at gruppa spelar svært mykje på frykt. Dei truar med harde represaliar mot alle som ikkje støttar dei, samstundes som dei seier at dei som godtek at dei styrer, skal få vere i fred.

– Har hatt fotfeste

Forskar Cecilie Hellestveit ved International Law and Policy Institute, meiner at radikale islamistar har hatt eit fotfeste i Mosul i mange år, og styresmaktene i Bagdad har på ein måte akseptert det.

– Sentralstyresmaktene i Bagdad har forsømt den sunnimuslimske innbyggjarane i desse områda, og det har gjort at ISIL kan lage lokale avtalar med dei. I tillegg brukar ISIL ein skrekktaktikk som gir dei ein stor militær fordel, seier ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt