Hopp til innhold

– Drikkvatnet er forgifta og terroristar kjem for å drepe dykk

Ein tidlegare rumensk journalist er sikta for å ha spreidd falske nyheiter under revolusjonen i 1989. Han er skulda for å ha skapt «ei nasjonale psykose».

Teodor Brates

SPREIDDE FALSKE NYHEITER: TV-journalisten Teodor Brates spreidde frykt i befolkninga ved å seie at fallskjermsoldatar var på veg for å drepe sivile og militære under revolusjonen i Romania i desember 1989. Han kringkasta nyheiter samanhengande frå 22. til 24. desember. Den 25. desember kunngjorde han at diktatorparet Ceausescu var arresterte.

Foto: TVR

Han var på lufta i over 70 timar i strekk under dei dramatiske desemberdagane i 1989. Teodor Brates var viseredaktør for rumensk kringkasting si nyheitsavdeling dei siste åra diktatoren Nicolae Ceausescu regjerte.

Og det var han som kunngjorde at Ceausescu og kona Elena hadde blitt arrestert.

– Skapte ei nasjonal psykose

Denne veka var Brates sikta for å spreie massiv feilinformasjon til nasjonen som sat klistra til fjernsynet for å finne ut kva det var som skjedde.

Brates er saman med mellom anna tidlegare president Ion Iliescu sikta for brotsverk mot menneskeslekta.

ROMANIA ANNIVERSARY

SKYT PÅ SNIKSKYTTARAR DESEMBER 1989: Soldatar skyt på det som skal vere Ceausescu-vennlege snikskyttarar i Bucuresti sentrum. Ofte hamna militære avdelingar i skotveksling med kvarandre. Ingen visste kven som var venn eller fiende.

Foto: CHARLES PLATIAU / REUTERS

– Brates sa at terroristar kom for å skyte folk, og at drikkevatnet var forgifta, seier statsadvokaten sitt kontor.

Aktoratet meiner Brates hadde ei stor rolle i å spreie falske nyheiter, som førte til stor terrorfrykt, «ei nasjonal psykose», noko som påverka både dei væpna styrkane og vanlege folk.

BRATES KOMMENTERER: Bilde frå skyting i Bucuresti sentrum 22. desember 1989. Teodor Brates kommenterer.

I dei kaotiske desemberdagane i 1989 var det over tusen menneske som vart drepne. Somme vart skotne av snikskyttarar, andre hamna i krysseld når to militære avdelingar byrja skyte på kvarandre.

– Nyheitene Brates spreidde til sjåarane handla om helikopterangrep, angrep frå fallskjermsoldatar og meldingar om kolonnar av panservogner som var på veg, seier statsadvokaten sitt kontor.

Og legg til:

– Det å repetere slik splittande feilinformasjon, førte til at frykta i befolkninga nådde nye høgder, og han er soleis ei viktig årsak til at så mange menneske døydde.

Brates ville ikkje kommentere skuldingane til sin tidlegare arbeidsgjevar, rumensk kringkasting, da han hadde motteke siktinga.

ROMANIA ANNIVERSARY

I KRYSSELD: Forvirring og frykt førte til at mange som demonstrerte mot regimet i 1989 hamna i krysseld. Over 1.000 vart drepne i urolegheitene.

Foto: CHARLES PLATIAU / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt